Regenerativt landbruksnettverk Rogaland

Høgskulen for grøn utvikling, ved professor Dag Jørund Lønning, leiar forskings- og utviklingsprosjektet Regenerativt landbruksnettverk Rogaland. Prosjektet er eigd av Rogaland bonde og småbrukarlag, og mottek økonomisk støtte frå Rogaland fylkeskommune. Prosjektet starta i 2020 og skal gå i tre år.

Gardar frå alle dei fire regionane i fylket (Haugalandet, Ryfylke, Jæren og Dalane) deltek i utprøving av regenerative (naturbyggjande) dyrkingsmetodar. Gardane representerer ei rekke ulike produksjonar både på innmark og utmark; grønsaker, frukt, mjølk og kjøt (sau og ku).

Frå marknadshagen HimaGrønt. Foto: Dag Jørund Lønning

Regenerativt = naturbyggjande

Dei praksisar og teknikkar ein gjerne omtalar under samlenemninga regenerativt landbruk har to sidestilte og uhyre viktige målsetjingar; det eine er å fanga CO2 frå atmosfæren og lagra denne som karbon i molda, det andre er å revitalisera livet og fruktbarheita i matjorda.

Omgrepet regenerativt tyder fornying. Regenerativt landbruk er såleis å fornya natur: Å leggja til rette for at naturen sine eigne næringsskapande og karbonlagrande funksjonar, det intrikate samspelet mellom plantedekke og jordliv som skaper den levande molda, får optimale høve til å verka også i åkeren og enga.

For den regenerative jordbrukaren er natur samarbeidspartnar, framfor krefter ein lyt kjempa mot. Dette fører til ein vinn-vinn-situasjon; klimaet på planeten vinn, men det gjer også bonden og landbruket. Nokre av dei mest produktive gardsbruka i verda – rekna i verdiskaping pr. arealeining – nyttar i dag regenerative teknikkar i eiga drift.

Kompost er viktig i regenerativt landbruk. På Veshovda har dei rikeleg. Foto: Dag Jørund Lønning

Pilotsatsing

Regenerativt landbruk er i framvekst i ei rekke land, men Norge heng endå etter. Det finst pionerar også her heime, men både for det store fleirtalet bønder og for den landbruksinteresserte befolkninga elles, er nok både omgrepet og denne måten å forstå og praktisera landbruk på rimeleg nytt. Dette gjeld også i Matfylket Rogaland.

Dette prosjektet er difor ei pilotsatsing, med potensielt store positive ringverknader både innetter i landbruket men også i måten landbruk blir oppfatta i ålmenta. Prosjektet skal syna korleis matproduksjon effektivt kan kombinerast med naturbygging og kamp mot klimaendringane.

Metodar og målsetjingar

Gjennom eit tett samarbeid med kunnskapsleverandør Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) og Fylkesmannen i Rogaland, ved bygdeutviklar Astrid Brommeland, skal dei deltakande bøndene både få tilgang til den eksisterande, oppbygde kunnskapen om regenerative praksisar og teknikkar for å byggja levande mold, og få høve til å prøva desse ut i eiga drift.

Gjennom bruk av folkeforsking (citizen science) som metode, skal erfaringane registrerast og nyttast til å byggja overførbar kunnskap både om utfordringar og verdiskapingspotensial i regenerativt landbruk. Effektane på naturmangfaldet i molda – avgjerande for effektiv karbonlagring – skal målast over tid. Det same gjeld effektar på naturen elles; på planteliv, insekt, fuglar, amfibiar og pattedyr. Innverknad på menneskeleg motivasjon og trivsel skal også granskast.

Prosjektet har følgjande overordna mål:

  • Byggja kunnskap om regenerativt landbruk i Rogaland: Klima- og naturgrunnlagstilpassingar, vekst-/produksjonspotensiale innanfor ulike produksjonar, naturgitt, kulturelt og sosialt ressursgrunnlag, potensiale som bygdeutviklingsverktøy (fleire aktørar og fleire hender i molda).
  • Visa fram både for omverda og for landbruket korleis landbruksnæringa kan bli eit viktig og effektivt offensivt verktøy i kampen mot naturmangfaldstap og menneskeskapte klimaendringar.
  • Ta eigarskapen til kunnskapen tilbake til bonden: kvar deltakar skal etter gjennomført prosjekt inneha nødvendig kunnskap for å driva eigen gard med regenerative metodar. Regenerativt landbruk flyttar makt tilbake til primærleddet ved at bonden sjølv eig både kunnskap og innsatsfaktorar.
  • Formidla regenerativt landbruk på «rogalandsk» gjennom ei rekkje ulike kanalar innetter i landbruket og utetter i samfunnet elles.
Prosjektleiar Dag Jørund Lønning på gardsbesøk på Fjordfegarden. Foto: Ingve Berntsen

Framdriftsplan

Prosjektet starta opp sommaren 2020, og skal gå til utpå våren 2023. Det er delt inn i bolkar, der første år er kunnskapsoverføring. Då får bøndene tilgang til den siste kunnskapen på det regenerative feltet, formidla av tilsette ved Høgskulen for landbruk ogbygdeutvikling eller eksterne samarbeidspartnarar. Mellom anna blir det opplæring i bruk av mikroskop i analysering og måling av mikrolivet i molda.

Andre og tredje år skal bøndene gjennomføra regenerative forsøk på eigne gardar.Bøndene skal registrera eigne erfaringar, men forsøka skal også følgjast opp av prosjektleiar.

Det skal publiserast fleire bøker og rapportar frå prosjektet. Det blir også arrangert studieturar til vellukka regenerative gardsbruk.

I regenerativt jordbruk er insekta uhyre viktige. Trivsel for både menneske og dyr er også sentrale mål. Foto: Dag Jørund Lønning

Møt gardane i prosjektet

På desse nettsidene vil du – gjennom tekst, bilde og videoar – kunna bli kjend med dei deltakande bøndene og følgja dei gjennom prosjektet. Du vil også finna informasjon om dei funn og erfaringar me gjer oss gjennom prosjektperioden. Kvar av gardane har sine eigne undersider (alle skal opp i løpet av hausten 2020), og desse vil bli oppdaterte ettersom prosjektet skrid fram:

Kylles gard, Sandnes

Fjordfegarden, Hå

HimaGrønt Marknadshage, Tysvær

Bakken gard, Sauda

Veshovda, Eigersund

Fuglastein, Suldal

Søre Skogen, Vindafjord

Søra Lindland, Time

Leikvoll gard, Randaberg

Norland, Strand

Grønefed Andelslandbruk, Hå

Løyning gård, Eigersund

Opplæring i mikroskopi inngår i prosjektet. Mikrobane i molda skal identifiserast. Foto: Dag Jørund Lønning
Vestlandsk fjordfe frå Søre Skogen. Foto: Dag Jørund Lønning