Fjordfegarden, Hå

På Fjordfegarden blir det satsa på grasbasert kjøttproduksjon på gammal ferase. Kjøtet blir foredla og formidla via eigne kanalar.

Vestlandsk fjordfe er sjølve «urkua», og variantar av denne har beite på regntunge vestlandsbakkar i meir enn 1000 år. Det er ei lita ku som gjev minimale trakkskadar på beita. Dyra følgjer elles faste stiar gjennom landskapet når dei flyttar seg mellom ulike beite. Også dette er med og reduserer dei negative innverknadane på naturen.

Fjordfegarden markerer elles dyrevelferd som spesielt satsingsområde ved å gje kvart dyr mange gongar det arealet styresmaktene set som minstekrav. Oksane har eitt hus å sova i, eitt hus å eta i, og elles ein svær luftegard dekka av flis.

På Fjordfegarden er ein interessert i å auka og aktivt ta i bruk kunnskapen om korleis matjord kan fanga og lagra karbon. I praksis handlar dette om å minimera jordarbeiding, auka mangfaldet av plantar, og arbeida aktivt for å auka jordlivet.

Stutane kosar seg i den store flislagde utegarden. Foto: Dag Jørund Lønning
Ingve Berntsen og ei av dei mange godlynte kyra på Fjordfegarden. Foto: Dag Jørund Lønning