Fuglastein, Suldal

På Fuglastein satsar dei friskt på frukt. I all hovudsak på eple. Det er opparbeidd og planta til nærare 60 da med ymsande epleslag dei siste åra.

Frukt- og bærproduksjon er generelt svært intensiv, og det blir brukt både kunstgjødsel og sprøytemidlar for å oppretthalda høg produksjon. Det er liten tvil om at dette har skadeeffektar for mikrolivet i molda.

Spesielt soppbestanden blir redusert (til dels betydeleg), og soppen er uhyre viktig for det naturlege næringsopptaket til dei aller fleste plantar (i særleg grad buskar og tre). Når det vert mindre sopp, må endå meir kunstnæring tilførast. Dette blir difor ein vond sirkel. Jordprøvar har stadfesta at det er behov for å auka soppbestanden i dyrkingsjorda på Fuglastein.

I dette prosjektet skal me utforska om denne sirkelen kan brytast. Regenerative dyrkingsteknikkar vil auka soppinnhaldet i molda monaleg. Kan dette skje utan at avlingsnivået fell i særleg grad?

Aktuelle tiltak kan vera bruk av flis/anna tremateriell og/eller biokol. Ei eiga satsing på utvinning av biokol er alt i gang på garden.

Garden Fuglastein har ein betydeleg epleproduksjon. Foto: Dag Jørund Lønning
Biokol og flis skal brukast for å få den viktige soppen tilbake i jorda. Foto: Dag Jørund Lønning