Veshovda, Eigersund

Den godmodige storstuten. Foto: Dag Jørund Lønning

På Veshovda driv Svein Narve og Kjellaug med grasbasert kjøttproduksjon på Limosin-fe. Ved sida av byggjer dei opp ein liten mjølkeproduksjon på telemarksfe. Denne mjølka skal vidareforedlast heime.

Kjøttproduksjonen skjer med utgangspunkt i beite på sommaren, og tallebasert lausdrift på vinteren. Fôring skjer då under tak ute, og dyra kan gå ut og inn som dei vil.

Dette gir store mengder kompost. Til no har denne vore nytta som utgangspunkt for nydyrking og beiteutviding i utmarka.

Dyra samlar seg rundt sjefen. Foto: Dag Jørund Lønning

Kompost er heilt sentralt i regenerativt landbruk, og ein mogleg inngang til dette prosjektet kan vera å utforska om det eventuelt går an å bruka denne meir effektivt enn det ein gjer i dag.