Søre Skogen, Vindafjord


På småbruket Søre Skogen står mangesysleriet i fokus, den i dag sterkt utrydningstruga driftsforma som ein gong gjorde det mogleg å etablera landbruk over heile landet.
Her er det to fjordfekyr med kalvar, 10 sauer, ein flokk utegrisar og ein flokk høns. Ein er også sjølvforsynt med grønsaker og poteter. Det blir ikkje brukt verken kunstgjødsel eller sprøytemidlar. Garden leverer vidare Inn-på-tunet-tenester til menneske med rusproblem, og tilbyr også kurs innanfor pilfletting og bruk/stell av hest.


På Søre Skogen har dei allereie teke i bruk ei rekke regenerative dyrkingsprinsipp, som sterkt redusert jordarbeiding, samt bruk av kompost og kompost-te. Drivarane har stor interesse for å vidareutvikla denne kunnskapen, og, ikkje minst, treffa andre bønder som er inspirerte av regenerativ dyrking.