Bakgrunn

Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) er ei sjølveigande stifiting med campus på Bryne i Rogaland.

Fram til 31.12.19 heitte organisasjonen Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), og var organiserisert som samvirkelag. Endringa frå HLB til HGUt skjedde grunna offentlege krav til eigarform i privat høgskuleutdanning, men også for å sikra sjølvstende og akademisk fridom i forskings- og utdanningsarbeid.

Dagfinn Høybråten stod for den offisielle opninga av høgskulen 12. mai 2005. Same år vart høgskulen sikra eit lite offentleg tilskott via statsbudsjettet. Brorparten av inntektene til HGUt kjem i dag frå studentbetaling og fou-arbeid.

HLB sitt viktigaste studietilbod er Bachelorutdanninga i nyskaping og regenerativ samfunnsutvikling. Denne er eineståande av sitt slag i Skandinavia.