Kurset Samfunn og utviklingsarbeid (tidl. Handlingskompetanse/Endringskunnskap) er første år i BA nyskaping og regenerativ utvikling og handlar m.a. om:

  • relasjonar og nettverk
  • lokalsamfunnsutvikling (nasjonalt og internasjonalt)
  • det å skapa og endra
  • kommunikasjon og samarbeid
  • akademisk tenking/metode
  • prosjektleiing og -utvikling
  • maktstyrking (empowerment)

Teori og praksis

Det er eit tverrfagleg studium der vi nærmar oss utviklingsfeltet gjennom teori frå pedagogikk, geografi, sosialantropologi, sosiologi og filosofi. Kurset gjev ei grunnleggjande forståing av lokalsamfunnet som ramme og utgangspunkt for handling/entreprenørskap. Nettverks- og relasjonsbygging er vektlagt.

Kurset gjev ei brei innføring i akademisk tenking/metode og det å ta i bruk forskingsbasert kunnskap i prosjektutvikling. Det vil bli nytta mange døme, både nasjonale og internasjonale.

Emneinndeling

Modul I:

  • Innføring akademisk tenking og metode : 15 stp
  • Introduksjon til utviklingsarbeid I: 15 stp

Modul II:

  • Prosjektutvikling: 15 stp
  • Introduksjon til utviklingsarbeid II: 15 stp

Arbeidsmåtar

I tillegg til førelesing og litteraturstudiar legg ein vekt på studentaktivitet som øvingar, oppgåver, gruppeoppgåver og felt-/prosjektarbeid.

Studieplan Samfunn og utviklingsarbeid I og II

Praksisveka ved SU1 er ei vitjing til eit område i Europa som har markert seg særleg sterkt med aktivt lokalt utviklingsarbeid. Praksisveke ved SU2 er eit utforskingsbesøk til eit norsk lokalsamfunn, større eller mindre. Sjå eige skriv om praksisvekene her.

Prisar Samfunn og utviklingsarbeid 2021/22:

SU1: 28 000 NOK

SU2: 28 000 NOK

Søk opptak her.