Hovudvisjon

HGUt skal vera ein leiande  leverandør av regenerative utviklingsstrategiar for nyskapande og framtidsretta (lokal)samfunnsutvikling .

Kunnskap for utvikling! er vår viktigaste kunnskapstilnærming. Med dette slagordet ønskjer me å tydeleggjera både vår institusjonelle rolle som forskingsaktør i utviklingsprosessar og vektlegginga i undervisninga. I alle kurs utforskar og synleggjer me det handlingsrom  me har som menneske til å påverka, endra og nyskapa. Både når det gjeld dei nære og dei meir utvida omgivnadene våre.

Kunnskap som blir produsert og formidla ved HGUt skal i størst mogleg grad kunne brukast aktivt i lokalt/regionalt utviklingsprosessarbeid.

HGUt skal:

Overordna mål:

HGUt skal vera eit landsdekkande forskings- og utdanningstilbod for nyskapande, regenerativ lokalsamfunnsutvikling.

Som organisasjon skal HGUt ha:

  • Høg fagkompetanse på eige felt.
  • Endringsevne og vilje.
  • Storleik som gir økonomisk bærekraft.

HGUt arbeider med følgjande tema:

  • Innovasjon og entreprenørskap i landbruk og bygdenæringar.
  • Nyskaping: det å kunne bruke eksisterende ressurser på nye måtar.
  • Sirkulærøkonomi.
  • Hest og næringsutvikling.
  • Det skapande og kreative mennesket.
  • Kulturlandskap/landskapsforvaltning.
  • Regenerativt landbruk og regenerativ utvikling generelt.
  • Teori-, metode- og strategiutvikling.
  • Reiseliv og opplevingsnæringar.

Mål for miljøet på høgskulen

Miljøet på høgskulen – og grunnlaget for verksemda innafor undervisning, forsking og administrasjon – skal vere prega av:

  • Likeverd og samarbeid
  • Profesjonalitet og kvalitet
  • Kritisk haldning og opne diskusjonar basert på akademisk tradisjon
  • Utvikling og kreativitet
  • Lojalitet og ansvar
  • Nærleik, omsut og varme

Pedagogikken ved skulen er basert på dialog og aktiv deltaking frå studentane.  Alle skal kunne gi av sine røynsler, skapa ein aktiv erfaringsbasert prosess. Det overordna kunnskapsmålet “utviklingskompetanse” handlar om at studenten skal kunna få auga på eigne evner til å skapa/endra. Undervisninga skal gje viktige verktøy for styrka studenten sin utviklingskompetanse.

Alle må bidra til at det blir eit trygt, varmt og godt miljø, der alle føler seg trygge til å krevje og yte, både fagleg og sosialt. Samspelet mellom miljø og fagleg tyngd er viktig. Faglege krav skal stillast både til førelesarar og studentar.

Ambisjon for høgskulen

HGUt skal vera eit leiande kunnskapssenter for regenerativ utvikling.