Høgskulen for  grøn utvikling tilbyr studentar og tilsette fullverdige bibliotektenester.

HGUt har eit eige mindre fagbibliotek med bøker og tidsskrift innanfor våre temafelt landbruk og bygdeutvikling. Denne samlinga er under utvikling. Biblioteket har elles fulle rettar når det gjeld innlån frå fagbibliotek både i Noreg og internasjonalt. Ved oppstarten av kvart haustsemester ved høgskulen vil det vera tilbod om eit intensivt kurs i kjeldebruk, litteratursøk og bruk av bibliotektenestene.

Ettersom våre studentar nyttar mykje tid til sjølvstudiar, har me under lagt ut nokre sentrale databasar og søkekjelder. Høgskulen vil og kunna senda litteratur til studentar mellom samlingar. Alle studentar som ønskjer å nytta seg av bibliotektenestene må kontakta bibliotekar for registrering.

Her er nokre viktige søkjedatabasar for relevant faglitteratur:

Bibsys er Noregs største og viktigaste faglitterære database. Bibsys har ei rad ulike søkefunksjonar.

Google Scholar gir oversikt over store mengder internasjonal faglitteratur. Nettstaden er i jamn vekst, og i ferd med å bli ein seriøs konkurrent til mange betalingstenester. Mange treff er pdf-filer som kan lastast ned gratis.

Questia er eit nettbasert bibliotek med tilgjenge til enorme mengder internasjonal faglitteratur. Søk er gratis, medan det å henta ut litteratur krev ei årsavgift.

Fritt tilgjengelege internasjonale fagtidsskrift. Talet på høgkvalitets fagtidsskrift som ligg fritt tilgjengeleg på nettet er stadig veksande. Lenken vår her fører til ein internasjonal database som inneheld mange spennande tidsskrift både innanfor landbruk og bygdeutvikling.

The European Network for Rural Development Magazine – viktig møtestad for bygde- og lokalsamfunnsutviklarar i Europa

Practice Insights – magasinet til The International Association for Community Development

Journal of Rural and Community Development – kanadisk open source tidsskrift med mykje spennande bygdeutviklingsstoff

Rural 21 – The International journal for rural development – portal

Journal of Agricultural Extension and Rural Development – open source tidsskrift med fagstoff frå mange ulike disiplinar

Spanish Journal of Rural Development – vitskapleg tidsskrift med fokus på landbruk, skogbruk, planlegging, miljø m.m

Tidsskriftet Utmark. Norsk tidsskrift med fagfelle-vurdering. Tidsskriftet er fritt tilgjengeleg på nettet.

Litteraturdatabasar frå Nasjonalbiblioteket:

SAMBOK (Bøker)

SAMPER (Periodika)

SAMNOTER (Notetrykk)

NORART (Norske og nordiske tidsskriftartiklar)