Kylles gard, Sandnes

På Kylles driv ein med sau, ammeku og bringebær. Garden har tilgang til mykje beite, både på innmark og i utmark.

Pr i dag driv ein alle produksjonane «konvensjonelt», men interessa for å læra nye driftsmetodar er stor – og ikkje minst dersom ein kan ta i bruk fleire lokale ressursar i drifta.

Det er gode kandidatar i så måte. Eit steinbrot ligg på delar av garden, og her vil det eventuelt kunna hentast ut avfallsprodukt som vil kunna nyttast i kompostering. Tilgangen på flis er også god.

I dette prosjektet blir det spennande å sjå om regenerative tankar og teknikkar kan vera med og utvikla eit konvensjonelt gardsbruk i meir naturnær og kanskje også meir produktiv retning.

Idyll like utanfor ein av landets raskast veksande byar, Sandnes. Foto: Dag Jørund Lønning
Det lyser raudt på Kylles i juli. Foto: Dag Jørund Lønning