Sirkulær økonomi og verdiskaping (SØV-30 studiepoeng)

Bruk-og-kast-samfunnet fører til store miljø- og klimaproblem. Enorme sosiale skilnader kjem i tillegg. Tida er overmoden for å utforske alternative økonomiske modellar.

I dette kurset vil ein læra å sjå verdipotensialet i sirkulær økonomi. Studentane blir utfordra på korleis ein kan skape verdiar basert på gjenbruk av og nyskaping rundt eksisterande ressursar. Samspel med naturen sine produktive krefter er eit sentralt mål.

Kurset er praktisk retta og held fokus på aktørar og potensiala for ny verdiskaping gjennom dei sirkulærøkonomiske verdikjedene. Kurset inngår som valemne i bachelorutdanninga ved HGUt, men er elles relevant for alle næringar og interessegrupper. Kurset er på 30 studiepoeng og går over to semester.

Studieplan i Sirkulær økonomi og verdiskaping

Pris 2020/2021: 24 000 NOK.

Modulprisen inkluderer all undervisning og alle eksamensutgifter. Kurset består av seks samlingar. Ei av samlingane er praksisveke i ein by/eit moråde i Europa som har utmerka seg innanfor sirkulær økonomi. Sjå eige skriv om praksisveka her.

Søk opptak her.

Studieansvarleg: Johan Barstad