Regenerativt landbruk (RL) – 30 stp.

I denne neven med mold kan det finnast opp til 1 trillion levande vesen.

Framtida sin matproduksjon må byggja på naturen sine eigne produktive krefter. Det utrulege økosystemet i matjorda representerer ein utruleg ressurs for nyskaping innanfor landbruk og bygdenæringar. Den nye kunnskapen om molda utfordrar etablerte «sanningar» om at større og større driftseiningar er einaste farbare veg framover.

I kurset Regenerativt landbruk utforskar me dette utviklingspotensialet, og potensiala det gir både for ny næringsutvikling i landbruket og for lokalsamfunnsutvikling. Me tek opp samspelet mellom menneske og dei mangfelte naturressursane i landbrukslandskapet, og går inn på alt frå konkrete driftsteknikkar for å støtta opp under og fremja naturmangfald til heilskapleg planlegging og forvalting samt nyskapande forretningsmodellar som er særleg tilpassa småskala naturnær drift.

Kurset byggjer på grunntankane i Jordboka og Jordboka II av Dag Jørund Lønning, og er eit produkt av HGUt si særlege satsing på naturnære metodar/regenerativt landbruk. Kurset består av seks samlingar. Ei av samlingane er praksissamlinga på eit regenerativt gardsbruk.  Her blir det fokus på regenerative dyrkingsteknikkar og opplæring i market gardening som salsmodell. Les meir om praksisveker her.

Studieplan Regenerativt Landbruk 2023

Pris 2023/24: 35 000 NOK

Meir om praksisvekene finn du her.

Søk opptak her.