Løyning gård, Eigersund

På Løyning gård på Eigerøya står kystlyngheia i fokus. Garden disponerer over 6000 av dei vel 7000 måla med lynghei på øya. Produksjonen er sau (mest villsau) og ammeku – då med små, gamle rasar som sida trønder- og nordlandsfe og vestlandsk raudkolle.

Lyngheia er vårt eldste kulturlandskap. Den er resultatet av at steinalderfolket brende ned kystskogen for å få beite til sauene sine. Skal den haldast open, må den beitast. I motsett fall, vil naturen – som alltid er på veg mot meir mangfald – fort sørgja for at skogen vender tilbake.

Dette er eit interessant case i regenerativ samanheng. Regenerativt landbruk er å byggja mangfaldig natur. Sentrale spørsmål i dette prosjektet vil difor vera korleis dagens beiting påverkar artsmangfaldet i lyngheia, og om det eventuelt finst endå meir effektive driftsmodellar i så måte.

Regenerativt landbruk skal også vera ei bru mellom matproduksjonen og ei ålmente som blir stadig meir oppteken av klima- og miljøspørsmål. På Eigerøya føregår beitinga i eit landskap som er mykje brukt til rekreasjon og friluftsaktivitetar. Innspel og reaksjonar frå dei som brukar landskapet, vil kunna gje oss viktig kunnskap om korleis utmarksbasert husdyrproduksjon kan/må utviklast for å utgjera denne brua.

Karakterhusdyret i kystlyngheia, villsauen. Foto: Dag Jørund Lønning
Mektig natur ut mot Nordsjøen. Foto: Dag Jørund Lønning