Dag Jørund Lønning
– Rektor

Professor dr.philos. Dag Jørund Lønning er rektor ved HGUt. Lønning har spesialkompetanse på nyskaping som fenomen, og har fokusert spesielt på nyskaping knytt til natur- og kulturressursar og moglege implikasjonar og potensial for bygdesamfunn.

Han har gjennom ei rekkje publikasjonar og prosjekt søkt medvite etter nye utviklingsrom for bygda/distrikta, og vore leiande i Noreg når det gjeld forsking på natur- og kulturbasert nærings- og stadutvikling. I dette arbeidet har han også vore sterkt oppteken av forskaren som aktiv medverkar i lokale utviklings- og mobiliseringsprosessar. Fokuset på “kunnskap for utvikling” har prega Lønning sine arbeid gjennom mange år, og vert no vidareført gjennom HGUt.

Eit meir deltakande samfunn og lokaldemokrati har blitt eit svært viktig kunnskapsfelt for Lønning. Kunnskap om og strategiar for involvering og mobilisering er ein sentral del av dette arbeidet.

Lønning har elles brei kompetanse på landbruks- og distriktspolitikk både i Noreg og i Europa, og har lang erfaring med internasjonalt forskings- og utviklingssamarbeid.

Dei seinaste åra har Lønning arbeidd inngåande med tematikken menneske og mold og med dei tverrfaglege temaområda “regenerativt landbruk” og “regenerativ utvikling”. Dei tre populærvitskaplege bøkene Jordboka, Jordboka II og Kompostboka er nokre av resultata av dette arbeidet. Bøkene utforskar forholdet mellom menneske og naturen, og potensialet for dyrkingsmåtar som byggjer mold framfor å utarma den. Dei har blitt bestseljarar i Norge. I dette arbeidet har han også gjennomført eit omfattande kurs- og utdanningsløp innanfor jordbiologi, kompostering og mikroskopering – med ein av verdas fremste jordbiologar, dr. Elaine Ingham, som lærar/forelesar.

I 2021 kom så “Første Losebok. Naturanto“, ei bok som utfordrar grensene mellom skjønnlitteratur og faglitteratur og difor måtte plasserast i ein heilt ny sjanger; filosofisk scenarieroman. Boka er den første av tre som søkjer å skildra korleis eit naturnært menneskesamfunn kan sjå ut.

Lønning har leia ei rekkje rurale stad- og næringsutviklingsprosjekt både nasjonalt og internasjonalt, i tett samarbeid med aktørar i landbruk og bygdenæringar samt lokalt og regionalt verkemiddelapparat. Fleire av desse satsingane har leidd fram til nye verksemder og breie regionale satsingsfelt. Lønning har og erfaring frå store evalueringar.

Dag Jørund Lønning har lenge vore knytt til EU-kommisjonen som ekspert på landbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og kulturarv.

Lønning er landets første professor i nyskaping og bygdeutvikling. Han vart kåra til Årets norske landbruksbloggar i 2014, Årets norske bygdeprofil i 2015 og Årets Meitemark i 2019.

Kontaktdetaljar:
Tlf: 99 50 91 25
Epost: [email protected]

CV – Dag Lønning – Januar 2020