Informasjon om praksissamlingar 2024 – 2025 gjennomføring og kostnader

Nesten alle kursa ved HGUt har praksissamling. Her (ei samling på to – tre dagar) møtest studentane på ein stad eller i eit miljø med relevans for studiet. Saman med forelesarar vil ein arbeida med praktiske oppgåver og møta menneske med særleg erfaring og kompetanse på det aktuelle temafeltet.

HGUt subsidierer nokre av kostnadene for praksissamlingane med eigne midlar. Dette gjer me for at flest mogleg skal ha høve til å delta (NB! Kursa har same pris uavhengig av om ein deltek på praksissamling eller ikkje. Det same gjeld om vekene ikkje kan gjennomførast – jmf. nederst på sida). Høgskulen dekkjer følgjande på dei ulike 30 stp-kursa (me tek atterhald om eventuelle endringar):

Regenerativ samfunnsutvikling 1

Praksissamlinga ved RU1 er eit djupdykk inn i ei krevjande problemstilling knytt til næringsrelatert naturbruk.

HGUt dekkjer :

Regenerativ samfunnsutvikling 2

Praksissamlinga går til eit utvalt norsk lokalsamfunn. Her skal studentane arbeida saman for å kartleggja potensial, utfordringar og pågåande utviklingsarbeid. Arbeidet skjer gjerne i samarbeid med lokale myndigheiter og lokalt næringsliv.

HGUt dekkjer:

Regenerativt landbruk

Praksissamlinga 2021/22 blir ei to dagars workshop om regenerative dyrkingsteknikkar og marknadshage. Dette skjer på eit eller fleire gardsbruk i Norge. Val av stad for praksisveke skjer i løpet av haust/vinter.

HGUt dekkjer:

Studentane bør ha tilgang på privatbil under opphaldet (her kan ein gå saman fleire).

Sirkulær økonomi

Praksissamlinga går til ein by eller eit område i Nord-Europa (Noreg eller anna land) som har utmerka seg innanfor utvikling av sirkulær økonomi.

HGUt dekkjer:

Landskap og utvikling

Praksissamlinga er ei øving i det å lesa eit landskap ein eller annan stad i Noreg.

HGUt dekkjer

Nyskaping og utviklingsarbeid 1

Praksissamlinga går til verdas største innovasjonsmesse knytt til landbruk/mat, Grüne Woche i Berlin.

HGUt dekkjer:

NB! Det er forventa at studentane nyttar to heile dagar på messa (minimum 7 timar pr dag).

Nyskaping og utviklingsarbeid 2

Nyskaping og utviklingsarbeid 2 har ikkje praksissamling.

Alle andre utgifter til praksissamlingane må studentane dekka sjølve.

NB! Praksissamlingane følgjer i utgangspunktet vanlege studietider (dagtid), og er ikkje å likna med ein studietur med fulle dagar med program. HGUt har berre ansvar for å leggja til rette for det faglege programmet, ikkje eventuelle sosiale aktivitetar utanom studietidene.

Me tek atterhald for at praksissamlingane kan gjennomførast etter planen (i forhold til smittesituasjon, smittevernsreglar, grense-/karantenereglar og nivået på fly-/overnattingsprisar). Om ikkje gjennomføring er mogleg, vil me tilby alternativ undervisning.

Studietilbod

Studentane på Nyskaping 1 gjer kvart år feltarbeid under Grüne Woche i Berlin