Leikvoll gard, Randaberg

På Leikvoll driv dei økologisk mjølkeproduksjon. Garden har vore Debio-sertifisert i om lag to tiår, og er i dag definert som eit av dei økologiske fyrtårna i norsk landbruk.

Ettersom det ikkje har vore nytta verken kunstgjødsel eller sprøytemidlar på veldig mange år, bør det meste liggja til rette for regenerativ drift. Og slike dyrkingsteknikkar har vore nytta i fleire år på Leikvoll allereie. Det er eksperimentert med ymsande typar av ferment (anaerobe bakteriekulturar), men først og fremst har ein teke i bruk aktiv skiftebeiting i mjølkeproduksjonen. Dyra blir flytta mellom skifte kvar dag, og på det viset blir stykka aldri snaubeita.

Erfaringane så langt er gode, og ein gler seg til å vidareutvikla den regenerative satsinga som del av dette prosjektet.

Med regenerativ beiting blir kyr klimanyttige. Foto: Dag Jørund Lønning
God og mangfaldig vekst i den regenerative enga. Foto: Dag Jørund Lønning