Kurset Nyskaping og utviklingsarbeid handlar om å skapa verdiar – sosiale, kulturelle og økonomiske. Det handlar om:

  • Det skapande mennesket
  • Livskvalitet
  • Kreativitet
  • Ressursidentifikasjon og ressursutvikling
  • Natur- og kulturbasert næringsutvikling
  • Entreprenørskap
  • Stadutvikling
  • Samskaping og nettverksskaping
  • Lokalt/regionalt særpreg – og korleis utnytta dette
  • Korleis bruka lokale ressursar på nye måtar.

Det er nye idear og satsingar som skaper framtida. Gjennom årsstudiet Nyskaping og utviklingsarbeid lærer du å verkeleggjera idear og å sjå med nye auge på dine eigne omgivnader: Kan me bruka ressursane våre på nye måtar? Kan eg utvikla verksemda mi vidare? Eller kanskje ønskjer eg å starta ny verksemd basert på garden/staden sine særpreg? Korleis mobilisera for gode idear og livskraftige lokalsamfunn?

Faget har relevans for alle som arbeider med utvikling, både i næring, kultur- og organisasjonsliv og i offentleg sektor.

Studiet vil vera med å gje

  • Auka innsikt og forståing i verdiskaping, entreprenørskap, kreativitet, produktutvikling og kommersialisering.
  • Kunnskap om korleis stader og lokalsamfunn kan endrast nedanfrå.
  • Personleg utvikling; handlekraft, vågemot, åpenheit, bevisstgjering av eigne evner og eige rom til å skapa, nysgjerrigheit og det å sjå nye samanhengar.
    Studiet vil motivera til

    • å starta eiga verksemd
    • å fornya eksisterande verksemder
    • produkt-, prosess- og metodeutvikling
    • utviklings-, undervisnings- og rettleiingsarbeid i offentlege og private institusjonar
    • utvikling av nye næringar og yrke

    Studieplanen er delt inn i to kurs, kvar på 30 stp:

    • NY 1: Nyskaping, entreprenørskap og kreativitet (30 stp)
    • NY 2: Utviklings-/BA-oppgåve (30 stp

Ny 1 består av seks samlingar. Ei av samlingane er praksisveke på verdas største mat- og reiselivsmesse, Grüne Woche i Tyskland. Les meir om praksisvekene her.

Ny 2 består av ei full og to halve samlingar. Resten er individuelt arbeid med oppgåver. Studenten får full rettleiing i arbeidet. NY 2 har ikkje praksisveke.

Studieplan- Nyskaping

Prisar 2020/21:

NY1: 24 000 NOK

NY2: 18 000 NOK

Søk opptak her.

Studieansvarleg:

Professor Dag Jørund Lønning.