Kunnskap for grøn verdiskaping og aktivt utviklingsarbeid!
- Klimatilpassa utvikling
- Naturfornying og naturvern
- Utviklingsoppgåver (samfunnsutvikling) innanfor det offentlege
- Entreprenørskap og gründerverksemd
- Nyskaping, omstilling, endring
- Næringsutvikling
- Organisasjonsutvikling
- Internasjonalt utviklingsarbeid (t.d. bistand)
- Offentleg planlegging (mobilisering, medverknad, involvering)
Gjennom bachelorstudiet i nyskaping og samfunnsutvikling får studentane omfattande og handlingsretta kunnskap om næringsutvikling og verdiskaping, og om korleis stader og lokalsamfunn kan endrast nedanfrå. Utvikling på lag med dei verdiskapande kreftene i naturen er særleg vektlagt.
Studentane lærer å sjå med nye auge på ressursane dei har rundt seg; dei menneskelege, dei naturbaserte, dei kulturelle, dei sosiale og økonomiske. Dei lærer å ta i bruk ressursane på nye måtar og bli aktive utviklarar og pådrivarar i forhold til eigen livssituasjon og eige miljø.
Studiet stimulerer til nyfikenheit, skaparglede, kreativitet og entreprenørskap, og legg difor også opp til samarbeid med forvalting, nærings- og organisasjonsliv.
Høgskulen for grøn utvikling har Kunnskap for utvikling! som hovudvisjon. I tråd med denne visjonen skal studiet synleggjera og gje grunnleggjande kunnskap om det handlingsrom me har som menneske til å påverka framtida i positiv retning.
Bachelorutdanninga består av 180 studiepoeng, og studieløpet for graden vil sjå slik ut:
1. Studieår
Samfunn og utvikling – 60 studiepoeng
2. Studieår
Valfrie emne – til saman 60 studiepoeng. Studentane kan velja mellom følgjande modular (alle på 30 stp – modular går når det er nok påmelde):
- Økonomi og samfunn
- Sirkulær økonomi og verdiskaping
- Regenerativt landbruk
- Hest i næring
- Landskap og utvikling
3. Studieår
Nyskaping og utviklingsarbeid – 60 studiepoeng
Studiet leier fram til graden Bachelor i nyskaping og regenerativ utvikling.
Søk opptak her. (Søknadsportal opnar 1 februar 2021)
Vidare opplysningar:
Studieplan_Bachelorstudium_i_nyskaping_og_samfunnsutvikling
Forskrift om krav til bachelorgrad ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (frå Lovdata)
Studieansvarleg for bachelorstudiet:
Professor Dag Jørund Lønning