Maria Hele Bryne 
– Administrativ mangesyslar

Maria Helene Bryne har – mest truleg som den einaste innanfor sektor høgare utdanning i Norge – den spesielle tittelen «Administrativ mangesyslar». Mangesysleriet har alltid vore avgjerande for at menneske kunne bu og driva næring i norske bygdesamfunn. Det er like viktig for overlevinga til ein liten høgskule. Krava til økonomistyring og offentleg rapportering er like store hos oss som ved dei svære utdanningsinstitusjonane. Krava til god informasjon og gode tilbod til studentane er kanskje endå større. Men i motsetnad til dei store har me ikkje verken høve eller råd til å byggja store administrative avdelingar. Men me har noko mykje betre, me har Maria Helene. Ho fiksar alt dette!

For ein Administrativ mangesyslar blir alle dagar veldig ulike. For Maria Helene, som er generelt interessert i det som er utanfor det vanlege, passar dette faktisk svært så godt.

Før ho byrja i HGUt var Bryne sjølvstendig næringsdrivande. Ho er elles utdanna med bachelorgrad med tillegg innanfor økonomi- og samfunnsfag.

Kontaktdetaljar:
Tlf: 51 79 94 00 
Epost: [email protected]