HimaGrønt Marknadshage, Tysvær

HimaGrønt er ein nyetablert marknadshage i Nedstrand. Fenomenet er relativt nytt i Norge, men har lange tradisjonar i fleire land i Austen, i England, så vel som i USA og Canada. Dette er intensiv produksjon av eit stort mangfald matvekstar på eit svært avgrensa areal. Modellen er såleis godt eigna også i bystrok. Me finn marknadshagar på så lite som nokre få hundre kvadratmeter. Alt sal skjer lokalt, anten ved at kundane kjem til hagen eller via lokale marknader eller restaurantar.

Ettersom fokuset på lokale verdikjeder og interessa for nærdyrking av mat har auka dei seinare åra, har også marknadshagen fått ein skikkeleg renessanse. På få år er det etablert marknadshagar over heile landet.

HimaGrønt består av om lag 2 da produksjonsareal. Her blir det dyrka ei rekke ulike kålvekstar, mange salattypar, squash i ymsande fargar og fasongar, lauk, purre, selleri og rotvekstar.

Eigar av marknadshagen, Anne-Grete Bjørknes, har studert regenerativt landbruk ved Høgskulen for grøn utvikling, og drifta føregår no med minimal jordarbeiding. Kompost blir tilført oppå jorda. Verken gift eller kunstgjødsel vert nytta, og hagen er også Debio-godkjend.

Salet første år har gått rimeleg bra, ikkje minst gjennom deltaking i Reko-ringen. Vidare er  det sikra framtidige leveransar til sentrale restaurantar i Haugesund. Anne-Grete deltek i prosjektet for å få endå meir kunnskap, kunnskap ho ønskjer å formidla vidare gjennom kursverksemd i vinterhalvåret.

I ein marknadshage føregår det mykje sal direkte frå åkeren. Foto: Dag Jørund Lønning
Det bognar av freistande grønt. Foto: Dag Jørund Lønning