Bakken gard, Sauda

På Bakken gard i Sauda, blir det drive mangfelt med grønsaker, mjølk (meir og meir basert på gammalrasen Vestlandsk raudkolle), sau og sagbruk/skogsdrift. All drift har vore økologisk sida 90-talet. Mjølka vert levert til Tine, medan omsetnaden av grønsaker skjer gjennom lokale verdikjeder (m.a. Reko-ringane).

Eksperimentering med regenerativ skiftebeiting er alt i gang, og dei første erfaringane er positive. Beita ser ut til å bli betre. Det er også von om at regenerative dyrkingsteknikkar (pløyefri, kompostbasert drift) kan gjera ugrasproblema mindre i grønsakproduksjonen – og eventuelt også auka produktiviteten. Garden har rik tilgang på organisk materiale til kompostering, først og fremst kugjødsel og trevirke/flis.

Atle Løland viser fram grønsakåkeren. Mykje blir omsett gjennom Reko-ringen. Foto: Dag Jørund Lønning
Økologiske poteter er eit av hovudprodukta på Bakken. Foto: Dag Jørund Lønning