Søra Lindland, Time

Miss Kvige 2020?
Foto: Dag Jørund Lønning

På Søra Lindland driv ein mjølkeproduksjon på rasen Jerseyfe. Det er satsa på denne lette rasen av omsyn til beitet og mikrolivet i jorda. Målet er drift i tråd med dei rammer og potensial naturen utgjer. Dei er såleis alt i gang med å prøva ut regenerativ skiftebeiting. Her flyttar ein dyra hyppig, med mål om at det alltid er nok gras att til aktiv fotosyntese og karbonfangst.

Forsøk med regenerativ beiting er alt i gang på Søra Lindland. Foto: Dag Jørund Lønning

Forsøka er nett starta opp, men så langt er erfaringa at dette nok er lettare å få til med kviger enn med mjølkekyr. Gjennom deltaking i dette prosjektet, vil bøndene på Søra Lindland få meir kunnskap om regenerativ beiting, møta andre som prøver ut det same, og, ikkje minst, hausta eigne erfaringar.