SØKNADSPORTAL HAUSTEN 2020

Søknadsfrist 15 mai. Etter dette er det rullerande opptak fram til studiestart i august – så lenge det er ledige plassar.

Opptakskrav er generell studiekompetanse eller eventuelt realkompetanse. Realkompetanse vil seia at anna relevant erfaring, anten den kjem frå jobb, praksis eller skule, vert lagd til grunn. Ein må vere 25 år eller eldre for å verta vurdert i forhold til realkompetanse.

Til søknadsportal:
Søknad BA i nyskaping og regenerativ utvikling
Søknad enkeltkurs/årseiningar

 Tjenesteleverandør av HLB sitt studieadministrative system: Kong Arthur AS

Personvernerklæring – søknadsportal

Personvernerklæring – studieadministrativt system

Litt generell info om modulprisar og om kursa våre:

  • HGUt har ingen obligatoriske samlingar.Valfrie BA-modular (År 2 av BA) går så lenge det er nok studentar. Dvs. kurs kan godt gå to år på rad. Endeleg avgjerd om studiestart blir tatt i løpet våren.
  • HGUt er ein privat høgskule med svært lite offentleg støtte. Difor er me avhengig av  studentbetaling. Modulprisar blir sette på grunnlag av faglege aktivitetar og bruken av lærekrefter, også ekstrainnsats og bruk av eksterne under praksisvekene. Prisane dekkar uansett all undervisning og rettleiing både i klasserom og over elektroniske medium (elektronisk læringsplattfom Moodle). Eksamensavgifter er også inkluderte i modulprisen.  Pensumlitteratur er ikkje dekka. Når det gjeld dei studentar som følgjer undervisning via lokale studiesenter, må kvar student ta kontakt med eige senter for å finna eventuelle lokale avgifter. Desse er ikkje dekka i studieavgift til HGUt.
  • HGUt godkjenner – ved søknad – inntil 60 eksterne studiepoeng som del av vår BA grad. Studiepoeng blir godkjende så lenge dei har relevans i forhold til tematikken i graden. Det skal sendast ein førespurnad til administrasjon. Denne skal innehalda dokumentasjon på gjennomførte studiepoeng frå annan høgare utdanningsinstitusjon.
  • Pensumlister frå føregåande studieår kan sendast til registrerte studentar ved førespurnad. Pensum blir gjennomgått/revidert etter kvart studieår, og ny fullstendig pensumliste ligg føre ved studiestart.
  • Opptak skjer på basis av generell studiekompetanse, realkompetanse eller 23/5-regelen.
  • Skulen har campus på Bryne i Time kommune. All undervisning blir sendt via Studiesenteret.no, der ein kan følgje førelesingane våre i sanntid, og snakke direkte til studentar og førelesarar på andre stadar i landet.