Studiet Hest i næring går nærare inn i eit breitt spekter av hesteverksemder og måtar å bruka hesten i næringsutvikling, og vil og gje studentane ei brei forståing av hesten si rolle i norsk bygdeliv og identitet. Studenten får moglegheit til å bruke eigen verksemd i oppgåvearbeid, og får konkret tilbakemelding på korleis han/ho kan vidareutvikle tilbodet sitt, eller starte opp noko nytt. Arealplanlegging som tek omsyn både til hesten og andre brukarar er og ein viktig del.
Studietilbodet vender seg til ei brei målgruppe, blant anna personar som:
- har lang praktisk erfaring med hest men manglar formell kompetanse,
- ønskjer å spesialisera seg på å dyrka fôr til hest,
- ønskjer å nytta garden til turisme og ser hesten som ein naturlig del av tilbodet,
- ønskjer å utvikla eit ”Inn på tunet” – tilbod og vil nytta hesten i dette
- ønskjer å utvikla tilbod om rideundervisning eller andre former for ridetilbod,
- ønskjer å tilby oppstalling og treningsfasilitetar,
- ønskjer å utvikla og tilby kursverksemd i ulike tema og retningar innan hestehald,
- ønskjer å finne nye moglegheiter for å bruke hest i næringsverksemd.
Studieansvarleg: Førsteamanuensis Rhys Evans.
Studiet består av seks samlingar. Ei av desse blir halden ved ein viktig hesteinstitusjon i Europa. Les meir om praksisveker her.
Pris: 2023/2024: NOK 35 000,-