Hovudvisjon
HGUt skal vera ein leiande leverandør av regenerative utviklingsstrategiar for nyskapande og framtidsretta (lokal)samfunnsutvikling .
Kunnskap for utvikling! er vår viktigaste kunnskapstilnærming. Med dette slagordet ønskjer me å tydeleggjera både vår institusjonelle rolle som forskingsaktør i utviklingsprosessar og vektlegginga i undervisninga. I alle kurs utforskar og synleggjer me det handlingsrom me har som menneske til å påverka, endra og nyskapa. Både når det gjeld dei nære og dei meir utvida omgivnadene våre.
Kunnskap som blir produsert og formidla ved HGUt skal i størst mogleg grad kunne brukast aktivt i lokalt/regionalt utviklingsprosessarbeid.
HGUt skal:
- Vera ein aktiv kunnskapspartnar i nyskapande, regenerative utviklingstiltak.
- Tilby undervisning på høgskulenivå innanfor regenerativ utvikling .
- Driva forskings- og utviklingsarbeid som støttar opp om måla våre.
- Vera tilgjengeleg for studentar frå heile landet via digital undervisning.

