HLB lanserer ny modell for bygdeturisme
Korleis kan reiseliv gjerast til vekstnæring i bygde-Noreg? HLB sin nye forskingsrapport Fellesskapsturisme. Reiseliv som kjelde til lokal utvikling. Dømet Ringholmen på Nordmøre lanserer ei ny tilnærming til reisemålsutvikling der ein legg langt større vekt på lokale/regionale turistar og breiare nettverk av lokale leverandørar/medverkarar. Rapporten byggjer på forskingsprosjektet Ringholmen som ressurs i kulturøkonomien.
Den kan lesast i pdf-format her.
Pdf-versjon for nedlasting kostar kr 100. Denne kan tingast her.
Trykt versjon av rapporten kostar kr 250. Denne kan tingast her.