«Reform» er endring til det betre. «Deform» er endring til det verre. Folk flest oppfattar kommunesamanslåing som det siste. Difor stemmer dei nei. Verre er det ikkje.
Av professor og rektor Dag Jørund Lønning, HLB
Kva betyr eigentleg «reform»?
Det har gått inflasjon i bruk av reformbegrepet. Så mykje at det mistar både brodd og forklaringskraft. Reform er no alt og over alt. Og det uansett om folket er med eller mot.
Opphavleg har ordet likevel ei svært presis tyding, ei tyding som kan hjelpa oss å forstå den sterke folkelege motstanden mot den såkalla «kommunereforma».
Ordet «reform» kjem frå det gammalfranske reformer, med tydinga «å omskapa til anna og betre form». Ergo; «å reformera» er ikkje det å endra i seg sjølv, men det å endra til det betre.
Det motsette av reform er deform
Det motsette av (antonymet til) å reformera, er å deformera; å riva ned, øydeleggja, skada, forverra. Av dette kan me utleia ordet deform. Deform kan nyttast om endringsprosessar som blir oppfatta å gjera ting verre, ikkje betre.
Og det er i realiteten slik veldig mange nordmenn oppfattar og definerer regjeringa sitt store prestisjeprosjekt. Som ei stadig tydelegare kommunedeform – ein toppstyrt, ideologisk motivert og sentral initiert endringsprosess som blir oppfatta å gå i fullstendig feil retning utifrå dei behov folk føler på der dei bur.
Den gode reforma veks fram nedanfrå
Ei god og effektiv samfunnsreform byggjer, for det første, på ei form for felles forståing og oppleving av utfordringane ein vil søkja å løysa (diagnosen). Ei reform veks fram av reelle, direkte følte, lokale behov. For det andre må føreslåtte løysingar (medisinen) opplevast som relevante og konkrete svar på utfordringane/behova. Berre då vil ein ha ein nokolunde garanti for at endringane ein skal gjennomføra faktisk leier fram mot noko «betre».
Dei medisinske uttrykka er brukte her for å tydeleggjera. Innanfor medisinen kan både feildiagnostisering og feilmedisinering få katastrofale følgjer. Dei gode løysingane er skreddarsydde. Og sjølv om me aldri kan oppnå det same presisjonsnivået når det gjeld å introdusera samfunnsendringar, kan me likevel arbeida for at introduserte endringar så langt det let seg gjera er både kunnskapsbaserte og lokalt forankra.
Folk har svært gode grunnar for å røysta nei
Legg me desse krava og den opphavlege definisjonen til grunn, blir det heilt feil å kalla dei prosessar som no føregår i kommunesektoren i Norge for ei «reform».
Folk over heile landet har sett dette. Dei seier ikkje nei utifrå «irrasjonalitet» eller som uttrykk for at «at ein ikkje stemmer med hovudet», slik ein har sett arrogante tilhengarar av storkommunar hevda. Stort sett alle samanslåingsmotstandarar eg talar med, fortel at dei stemmer nei fordi dei (a) bur i gode og effektive kommunar og ikkje ser samanslåing som svar på utfordringar verken i samtid eller framtid og/eller (b) ser større kommunar som direkte trugsmål mot desentralisert tenesteproduksjon og effektivt lokaldemokrati.
Behovet for større kommunar er ikkje kunnskapsbasert
Røystesetel «Nei» er ei avvising av det å setja i verk store, irreversible endringar som ikkje opplevest som forankra i reelle lokale og regionale utfordringar og behov. I den eine kommunen etter den andre forkastar no fleirtalet både diagnosen og medisinen som ligg til grunn for dette regjeringsleia råkøyret mot eksisterande kommunar.
Diagnosen først: I undersøking etter undersøking kjem det fram at det er innbyggjarar i dei mindre kommunane som er mest nøgde med tenestetilbodet. Kunnskapsbelegget for å påstå at store kommunar er betre på planlegging og tenesteutøving enn små, er såleis syltynt, for å seia det mildt.
Og medisinen: Alle er me vel samde om at morgondagen sine utfordringar ikkje er dei same som dei me har i dag. Men veit me fullt ut kva desse er? Og finst det i heile tatt snev av kunnskapsbelegg for å hevda at «store kommunar» er løysinga?
Svaret på båe spørsmåla er sjølvsagt eit rungande nei. Og likevel skal ei standardisert løysing – samanslåing – pressast nedover både små og store i kommune-Norge, uavhengig av lokalisering, ressursgrunnlag, arealgrunnlag, infrastruktur. Dette er meir enn berre uheldig. Det er direkte uansvarleg, og eit spel med mange lokalsamfunn si framtid.
Det me truleg kan seia rimeleg sikkert, er at fortsatt positiv utvikling i ei uviss klimaframtid, vil krevja meir lokal involvering, større individuell samfunnsdeltaking, raskare avgjerder, meir kreativitet og difor meir nærleik til enkeltmenneske. Då er knappast store einingar og meir byråkrati det saleggjerande.
Frå deform til reform?
Samanslåing er ei eldgammal og kanskje allereie forelda løysing. Når dei nye framtidssvara skal finnast, treng me meir kunnskap og meir lokal forankring. Me treng reelle «reformer», endringsprosessar tufta på klare, lokalt tilpassa diagnosar og medisinar, prosessar me, så langt som råd, har eit felles eigarskap til og kan involvera oss i.
Prestisjeprosjektet til Sanner er slått til jorda og avslørt som dårleg handverk. Det er politikarane som framleis støttar dette prosjektet som no framstår som «irrasjonelle», ikkje dei mange som stemmer nei i folkeavrøystingar over heile landet. Å tvinga folk til å vera med på endringar dei opplever å vera til det verre, er både udemokratisk og direkte meiningslaust.
Skal kommunedeforma bli ei kommunereform, må det rykkast tilbake til start: Inviter til brei nasjonal dialog om korleis me organiserer oss lokalt og praktiserer lokaldemokratiet. La folk lokalt få koma til orde med eigne erfaringar – positive og negative. La folk lokalt definera utfordringar og presentera løysingar. Opne opp for pilotforsøk for å prøva ut nye idear. Og, ikkje minst, respekter lokale val fullt ut.
(Publisert i Nationen og Stavanger Aftenblad 26.05.16)
Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.