Pro GREEN – Promoting and Upgrading Green Skills in Agriculture
Høgskulen har vore aktiv partnar i dette Erasmus+-prosjektet som no er til endes.

Vi har vore i partnarskap med fagmiljø i Finland, Litauen, Italia og Tyskland, og prosjektet har vore leia av «Hanseparlamentet» i Hamburg, Tyskland (https://www.hanse-parlament.eu).
Som tittelen peikar på, har prosjektet vore retta inn mot å identifisere utfordringar og finne framtidsretta forslag for å gjere vidaregåande opplæring innan primærnæringane, med særleg fokus på landbruket.
Prosjektdeltakarane avspeglar eit tversnitt av landbruket i Europa, frå det grøderike middelhavsklimaet via slettelanda i nordlege deler av kontinentet til opp og inn i norske og finske utfordringar knytt til korte sesongar og kaldt klima. Felles for alle har likevel vore at landbruket er i tilbakegang – særleg kva gjeld å rekruttere ungdom.
Prosjektmøte på landbruksskule nord for Roma
Vi på Høgskulen for grøn utvikling har hatt ansvar for ein av arbeidspakkane – Further education program – “Sustainable agricultural entrepreneur”. Vi har fokusert på utfordringar knytte

til (mangel på) entreprenørskap innan næringa, og har arbeidd fram eit læringsopplegg basert på dette.
I Noreg – som i Europa elles – er det ikkje mangel på satsingar på entreprenørskap. Vi finn dette både i skuleverk og elles i tilknytning til næringsarbeid og -utvikling. Så ein kan spørje om det trengst nye grep.
Og svaret er ja. Særleg kva gjeld små, lokale aktørar innan landbruket og primærnæringane. Her dreiar det seg gjerne om små ein-person satsingar, satsingar som har som mål

å sikre eit leveleg utkome frå bruket – heller enn å byggje ei rein, marknadsretta næringsverksemd.
Vi har sett at desse aktørane ofte slit med dette, då modellane dei skal bygge på oftast er henta frå meir tradisjonell, industriell entreprenørskap.
Vi på HGUt fokuserer meir på at entreprenøren skal bygge på sine eigne og lokalmiljøet sine mulegheiter. Skal vere på lag med lokalsamfunnet og byggje styrke og gjennomslagskraft ved å være ein aktiv partnar med eige miljø. Vi byggjer på lang erfaring og på kunnskap frå nedanfrå-og-opp arbeid i utkantstrøk over heile verds. Situasjonar der det organiserte støtteapparatet ikkje er godt nok tilpassa dei behov den vesle etableraren har og dei mulegheiter som aktivt lokalt samarbeid kan by på.
Kursdag på Tolga, 2025

Vi kallar opplegget vårt «Samfunnsentreprenøren – den nye, lokale muleggjeraren» og har no i vinter gjennomført ei utprøving av det faglege og praktiske opplegget på ei mindre gruppe beståande av etablerarar og erfarne aktørar frå støtteapparatet. Kurset vart gjennomført over tre samlingar a to dagar på Tolga i Østerdalen i januar og februar.
Erfaringane med kurset var gode, særleg var dei røynde aktørane positive til vår vinkling på å ta lokalsamfunnet aktivt i bruk og bygge lokale alliansar.

Kurset var planlagt og gjennomført av samfunnsøkonom Johan Barstad og samfunnsgeograf Rhys Evans frå høgskulen. Vår tidlegare medarbeidar Matthew Hoffman og vår nyaste medarbeidar Tomas Brage har også vore involvert i dette prosjektet.
Nærare informasjon om prosjektet kan de finne her: https://www.green-agri.eu




