Sosial isolasjon og einsemd veit vi at har alvorlege konsekvensar for livskvalitet, for psykisk og fysisk helse, og for generell velvære. Ifølge WHO (2021) er effekten av sosial isolasjon og einsemd enda sterkare kva gjeld eldre vaksne, då det vesentleg aukar risikoen for hjarte- og karsjukdomar, hjerneslag, diabetes, kognitiv svikt, demens, depresjon, angst og sjølvmord. Vidare har dette ikkje berre negativ verknad på dei eldre vaksne sjølve, men utgjer også ei aukande belastning på det sosiale nettverket og på omgjevnadane deira (familien, helsevesenet, lokalsamfunnet, staten, m.v.).
Dette til tross har sosial isolasjon og einsemd blant eldre til nyleg vore neglisjert som sosiale determinantar for helse. Covid-19-pandemien og dei der pålagde fysiske distanseringstiltaka har gjort at dette har vorte mykje meir aktuelt.
Samtidig ser ein aukande otte for effektane av klimaendringar og redusert miljømessig berekraft, noko som har vore prioritert tema det siste tiåret i FN, og inkludert i FNs 17 berekraftmål frå 2015. Folketalet i verda har meir enn dobla seg dei siste 50 åra, noko som har lagt eit enormt press på miljøet, globale matforsyningar og energiressursar.
ECOAGE-prosjektet har som mål å svare på desse to kritiske problema. Prosjektkonsortiet har utvikla opplæringsmateriell og gjennomført ein workshop-serie med fokus på globale og lokale miljøspørsmål, retta mot eldre vaksne som ønskjer å delta i frivillig miljø- og samfunnsengasjement. ECOAGE sitt hovudmål er å hjelpe fram eldre vaksne, så dei kan vere miljørettleiarar for den yngre generasjonen ved å ta ei aktiv rolle i intergenerasjonsarbeid innan berekraftig miljøpraksis i deira eigne lokalsamfunn, samstundes med at dei kjempar mot verknaden av einsemdspandemien i eldre aldersgrupper.
Dagens eldre har vakse opp i ei tid då ein gjorde berekraftige og grøne val grunna fattigdom og naud – difor høver det at dei no kan ta føringa gjennom å formidle denne kunnskapen vidare til dei unge – som ikkje treng gjere dette av naud, men for berekraft og samfunnsnytte!
Prosjektet starta opp i Juli 2022 og vert avslutta no kring årsskiftet. Arbeidet held fram på Kypros, både i tyrkisk-kypriotiske og gresk-kypriotiske lokalsamfunn.