Landbruksbyen Sandnes

HLB og Sandnes kommune innleiar no eit breispektra samarbeid med utgangspunkt i høgskulen sine pågåande forskingssatsingar rundt jordvern, bynært landbruk og entreprenørskap i landbruksnæringa.

Samarbeidet inneber at Sandnes blir eit sentralt eksempelområde for forskingsarbeidet ved HLB, og at kommunen difor vil bli nytta aktivt både i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt. For Sandnes kommune vil forskingsresultat kunna nyttast direkte inn i arbeidet med rullering av delplan landbruk.

Sentrale forskingstema vil vera:

  • Korleis sikra vern av matjord og viktige landbruksområde?
  • Bynært landbruk; utfordringar og nye potensial?
  • Nye næringar og innovasjonar i landbruket.

Sandnes kommune gjev kr 500 000,- i tilskott til forskingsarbeidet, og HLB medverkar i tillegg med eigne midlar. Tidsramme er i første omgang ut 2013.

Rektor ved HLB, dr. philos. Dag Jørund Lønning, vil vera prosjektleiar for satsinga:

–          Sandnes er ein av dei byar i landet vårt som veks raskast. Samtidig er det også ein av landets største landbrukskommunar. Det siste er nok for lite framme. I vårt forskingsarbeid vil me m.a. sjå på tettare koplingar mellom ”bySandnes” og ”landbruksSandnes”. Sandnes har større potensial enn nokon annan til å bli landbruksbyen. Korleis kan ein slik visjon eventuelt realiserast? Jordvern vil vera viktig, men også nye og kreative måtar å synleggjera landbruket i den raskt veksande bykjernen må utviklast.

Lønning rosar vidare Sandnes kommune for å ha teke initiativ til dette samarbeidet:

–          Sandnes går her føre med eit svært godt eksempel for andre kommunar og regionale utviklingsaktørar når det gjeld å bruka kompetansemiljø aktivt i lokale utviklingsprosessar. Med dette grepet sikrar Sandnes at forskingsbasert kunnskap blir gjort relevant for lokale oppgåver. For vår del er det nettopp i slike samanhengar me ønskjer å bli brukt. Me ved HLB vil vera ein regional utviklingsaktør, samtidig som me også skal produsera kunnskap som kan overførast til andre relevante samanhengar, både nasjonalt og internasjonalt. Dette er ein klassisk vinn/vinn-situasjon, og me gler oss veldig til å koma i gang med dette pionérarbeidet.

I tillegg til Lønning, vil førsteamanuensis Rhys Evans, førsteamanuensis Eli Janette Fosso og førstelektor Johan Barstad medverka frå HLB si side. Det kan og verta aktuelt å kopla studentarbeid til denne satsinga.

For vidare informasjon: Rektor Dag Jørund Lønning

Prosjektleiar i Sandnes kommune: Landbrukssjef Daniela Dobbert