På forrige opne dialogkveld (i august 2014) var det smekkande fullt i festsalen på Klepp.
Også denne gongen tek me opp eit tema som vedkjem ALLE, og me vil gjerne ha DEG med i dialogen om landskapsbruk, berekraftig arealutvikling og gode lokalsamfunn.
Bli med i utforminga av dei gode arealløysingane for jærregionen, og sett av kvelden 29 april til aktivt dialogarbeid!
Stad og tid: Klepp rådhus, Festsalen, onsdag 29 april kl 18 – 21.
Tema:
- Korleis sikra natur-/kulturvern og gode rom for friluftsliv i eit jærlandskap der matproduksjonen skal opp og eit veksande folketal legg beslag på stadig meir areal? («Ka ska me verna og ka skal me bruka?»)
- Kan friluftsliv og lokalt forankra verneprosessar gje ny verdiskaping for gardbrukarar/grunneigarar?
- Korleis involverer me lokalbefolkning i planlegging/utvikling av grøntområde, verneprosessar og tilrettelegging for friluftsliv?
Program for kvelden:
- Presentasjon av dialogverktøyet og Jærsmiå sitt arbeid med natur-/kulturvern, friluftsliv og verdiskaping. V/prosjektleiar for Jærsmiå og rektor ved HLB, professor Dag Jørund Lønning
- Behovet for friområde i jærlandskapet. V. jærsmed og leiar for Bioforsk Vest, dr. Arne Sæbø.
- Grøntområde og kulturvern i nye boligfelt. Med og utan dialog. V. utbyggarane i Jærsmiå.
- Korleis driva landbruk i landets mest attraktive opplevingslandskap? V. bønder i Jærsmiå.
- Presentasjon av Jærsmiå si heilt nye prinsipperklæring: «Privat eigedom. Velkommen!» Eit dialogbasert verdiskapingsprogram for jærlandskapet. V. prosjektleiar og medlemmer i Jærsmiå. I erklæringa kjem det heilt nye idear om korleis vern og friluftsliv kan utviklast og forankrast i jærlandskapet.
- Jærsmiå i eit regionalt perspektiv. V.jærsmed og fylkespolitikar Elin Schanche.
Innspel også frå lokale og regionale politiske og administrative leiarar.
Siste del av kvelden:
- Open dialog med alle frammøtte som deltakarar: Korleis kan me samarbeida på tvers av sektorar og interesser for å løysa arealutfordringane våre? Korleis får me gode prosessar der alle kan bidra?
Påmelding
Det er gratis inngang, og me håpar på brei deltaking. ALLE! er inviterte; politikarar, byråkratar, planleggarar, forvaltarar, bønder, friluftsinteresserte, bustad- og næringsutviklarar, interesserte enkeltpersonar eller representantar for lag/organisasjonar, gamle og unge, byfolk og bygdefolk, og alle dei me ikkje har nemnt.
Brenn du for regionen og jærlandskapet? Møt opp og bli med i dialogarbeidet for berekraftig arealutvikling.