Forskar/høgskulelektor Johan Barstad ved HLB er med i eit nytt og spennande europeisk forskarnettverk. Det nye nettverket Urban Agriculture (COST Action TD1106) samlast i Aachen, Tyskland 9.-11. juli. Der møter Barstad som ein av to norske representantar.
”På denne samlinga vil 55 fagfolk frå 13 europeiske land møtast. Dette er første møtet og vi vil bruke tida på å bli betre kjent og på å fastlegge dei vidare arbeidsoppgåvene meir i detalj” seier Barstad. ”Temaet Urban Agriculture eller bynært landbruk som ein pla seie på norsk er eit høgaktuelt emne, kanskje særleg for oss som bur og arbeider her på Jæren. Dette grip direkte inn i norsk debatt om nedbygging av matjord, om verdien av grøntområde for folkehelse og trivnad, ålmenta si oppfatning av og haldningar til landbruk, økologiske betraktningar, klimautfordringar og mykje meir.”
I eit slikt forskarnettverk vert det lagt til rette for at forskarar frå ulike land skal kunne møtast og utveksle erfaringar, drøfte felles utfordringar og einast om råd og innspel til politiske og administrative nivå. Desse nettverka skal ikkje samlast for å gjere ny forsking, men bruke den kunnskap og kompetanse dei har tileigna seg til bl.a. å lage oppdaterte oversikter over kunnskapsstatus for dei enkelte land og for Europa som heilskap.
COST systemet femner over ni fagområde og har til ei kvar tid mellom 10 og 20 nettverk gåande innan kvart område. Og når kvart nettverk inkluderer mellom 30 og 60 fagfolk, vert dette ei av dei største og mest omfattande arenaene der forskarar kan bygge nettverk og bryne kunnskapen sin.
Nettverka møtest ein til to gonger i året over ein fireårsperiode. Møta vert haldne kring hos dei ulike medlemene, og er ofte nytta til aktivt å presentere mulegheiter og utfordringar som den aktuelle staden står overfor. ”I den samanheng vil det kunne vere interessant om vi kunne ha lagt ein av COST-samlingane hit til Jæren” seier Barstad. ”Eg er viss på at våre lokale utfordringar kunne danne eit svært interessant bakteppe. Eg veit at der er mange prosjekt og satsingar på gang her i regionen. Og det ville vere svært nyttig for Jærsamfunnet om vi kunne få nokre av dei fremste fagekspertar i Europa til å sjå nærare på tilhøvet mellom landbruk og urbane utfordringar”