Skal det bu folk i Utbygda?

Med utgangspunkt i den positive utviklinga i den vesle bygda Finnøya i hamsunkommunen Hamarøy set eit HLB-leia formidlingsprosjekt no fokus på framtida for norske utkantbygder.

Finnøya har gjennom brei mobilisering klart å snu fråflytting til optimisme og folkevekst. Denne positive utviklinga skjer i ei lita ”utkantbygd” langt frå kommunesenteret Oppeid, og med ei rad utfordringar knytt til infrastruktur, tenestetilbod og mangel på ledige hus for tilflytting. HLB leiar no eit prosjekt som gjennom Finnøyseminaret 2011 (15 – 16 juni) og etterfølgjande rapportering skal læra av det positive eksempelet Finnøya og setja fokus på ”Utbygda” si rolle i distrikts-Noreg. Kva kan resten av distrikts-Noreg læra av dette svært så inkluderande bygdesamfunnet? Kva er Utbygda sine spesielle potensial og utfordringar i framtidas distrikts-Noreg?

Prosjektleiar er rektor Dag Jørund Lønning, som gjennom boka Ringar i vatnet. Innlevingsøkonomi i det kulturelle Hamsunlandskapet Hamarøy frå 2009 gjorde framlegg om å leggja eit nasjonalt tilflyttingsseminar nettopp til Finnøya. Lønning har arbeidd med forsking rundt tilflyttingsproblematikk i mange ulike prosjektsamanhengar dei siste 10 åra.

Prosjektet er finansiert av Hamarøy kommune.

Program for Finnøyseminaret 2011 .