I perioden frå 2016 – 2018 var høgskulen inne som rettleiar for Rogaland fylkeskommune, Stavanger, Randaberg og Tysvær kommunar i det nasjonale prosjektet for gode nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse. Prosjektet var initiert av og leia av Helsedirektoratet, og hadde kommunar/fylke frå heile landet som deltakarar.
Prosjektets hovudmål var å få til gode medverknadsprosessar for betre å kome i dialog med bebuarar, frivillige organisasjonar, næringslivsaktørar, bydelspolitikarar etc. Målet var at denne kunnskapen også skulle nyttast inn i kommunale og regionale planprosessar. I det høve har fylket og deltakande kommunar i Rogaland aktivt jobba med å involvere innbyggjarar gjennom ulike medverknadsmetodar for å innhente meir kvalitativ kunnskap om korleis folk opplever sitt nærmiljø.
Nærmiljøprosjektet vart offisielt avslutta med ei stor nasjonal konferanse i Stavanger i november 2018.
Vi bidrog med innlegg på faglege samlingar, både nasjonalt, regionalt på Vestlandet og innad i fylket.
Høgskulen utarbeidde ein større sluttrapport og diverse delrapportar.
I etterkant av prosjektet har vi følgt opp arbeidet med eit kompetanseutviklingsprosjekt i Tysvær, og vi har arbeidd vidare bl.a. i internasjonale fora med tema som for eksempel Folkeforsking (Citizen Science).
Nedanfor finn de lenker til nokre av rapportane vi utarbeidde samt til presentasjonar vi hadde i prosjektperioden:
- V2 Folkehelse og nærmiljø Haugesund
- Presentasjon 5 desember 17
- Presentasjon Tysvær 07 oktober 2019
- Presentasjon til 4. desember
- Mobilisering folkehelsesamling Gardermoen 310316
- Folkehelse-nærmiljø
- Sluttrapport og følgeevaluering
- Delrapport 2 HLB, 1.nov2017
- Oversiktsartikkel: Medverknad i lokalt folkehelsearbeid
- Where is the Ethno in Ethnobotany? The Work with and for Local Communities: A Snapshot of Experiences
- Intervju med Johan Barstad, HGUt (ml. 07:50 – 18:00)

