Internasjonalisering
HGUt har i mange år vore ein svært aktiv aktør i internasjonalt kunnskapssamarbeid, spesielt gjennom ERASMUS- og EØS-ordningane. Mange av studentane våre har fått høve til å delta i internasjonalt prosjektsamarbeid gjennom desse ordningane.
Denne satsinga vil halda fram i komande internasjonale prosjekt.

Vår samlingsbaserte modell med, nesten utelukkande, studentar som studerer online heimanfrå, er elles lite tilpassa ordinære studentutvekslingsprogram. Studentane våre har uttrykt ønskje om at eventuelle internasjonale studietilbod berre er aktuelle om dei kan gjennomførast innanfor denne fjernlæringsmodellen.
Høgskulen har difor identifisert internasjonale studietilbod som både er tematisk relevante, samlingsbaserte og online. Følgjande 30-poengsmodul vil, etter søknad, kunna godkjennast innanfor ramma av tillatne eksterne studiepoeng ved BA i nyskaping og regenerativ utvikling.
The Open University, UK:
Environmental management: systems and sustainability – 30 stp
NB! Denne modulen vil gå i 2026/2027 – og har opptak frå 18 mars.

