Close

Velkommen på Kompostfest 2020!

Velkommen på Kompostfest 2020!

Kompostfest 2020

Bryne Mølle 14 mars

I samband med utgjevinga av prof. Dag Jørund Lønning si nye «Kompostboka. Om å byggja natur» inviterer Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) til ei storstilt feiring av gjenbruket og den sirkulære økonomien.

Kompost og kompostering – omdanning av organisk avfall til det viktigaste av alt, levande mold – er hovudtema for dagen, og dei frammøtte vil bli servert alt frå «kompostmoderne framtidsfilosofi» om korleis verdiskaping og naturbygging kan gå hand i hand i framtida, til svært så konkrete råd om korleis ein lagar og brukar kompost både i hagen og i kommersiell dyrking i jordbruket.

Kjende namn står på scenen i Bryne Mølle denne laurdagen:

  • Dag Jørund Lønning Forfattaren av Kompostboka, samt av salssuksessane Jordboka og Jordboka II. Lønning vil gå gjennom ulike måtar å kompostera på, og visa korleis denne nesten magiske praksisen opnar dørene både for ei skapande rolle for mennesket i naturen og for ei fortsett grøn framtid.
  • Margunn Ueland. Kjent for mange gjennom boka og bloggen Margunns Kjøkkenhage, og gjennom arbeidet med å omgjera ein keisam og lite brukt leikeplass i Stavanger til ein bugnande mathage. Gjennom dette bildeforedraget vil Ueland inspirera til at så mange som mogleg kan byrja å dyrka meir av eigen mat.
  • Richard Perkins er ein av verdas fremste nyskaparar innanfor kompostbasert, regenerativ og intensiv matproduksjon. På garden Ridgedale Permaculture oppnår han betydelege avlingar utan verken å pløya eller å bruka kjemikaliar. I dette foredraget får me presentert både arbeidsmåtar og forretningsmodell.

Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chessak, opnar festen.

Forfattaren vil elles signera bøker og svara på spørsmål om kompost og kompostering. Frå stands i foajeen blir det sal av bøker, sjølvluftande varmkompostbingar, hagereiskap og økologiske frø.

Det blir og høve til å bli nærare kjend med Høgskulen for grøn utvikling og dei studietilbod høgskulen tilbyr innanfor regenerativt jordbruk, sirkulær økonomi og naturnær samfunnsutvikling.

Meir om Kompostfest 2020 og lenk til billettsal finn ein her.