Informasjon om kostnader praksisveker 2020 – 2021

Studentane på Nyskaping 1 gjer kvart år feltarbeid under Grüne Woche i Berlin

Nesten alle kursa ved HGUt har praksisveker. I praksisveka (ei samling) møtest studentane på ein stad eller i eit miljø med særleg relevans for studiet. Saman med forelesarar vil ein arbeida med praktiske oppgåver og møta menneske med særleg erfaring og kompetanse på det aktuelle temafeltet.

HGUt subsidierer nokre av kostnadene for praksisvekene med eigne midlar. Dette gjer me for at flest mogleg skal ha høve til å delta. Høgskulen dekkjer følgjande på dei ulike 30 stp-kursa (me tek atterhald om eventuelle endringar):

Samfunn og utviklingsarbeid 1

Praksisveka går til det rurale Skottland. Her besøker me spennande lokalsamfunn og utviklingsprosjekt.

HGUt dekkjer :

  • Flyreise t/r SVG (eller frå andre flyplassar dersom kostnaden ikkje er større) – Aberdeen.
  • Transport mellom studieaktivitetane i Skottland
  • Enkel overnatting i dobbeltrom (måltider er i utgangspunktet ikkje inkludert, men på nokre av overnattingsstadene me nyttar er frukost inkludert i overnattinga)

Samfunn og utviklingsarbeid 2

Praksisveka går til eit utvalt norsk lokalsamfunn. Her skal studentane arbeida saman for å kartleggja potensial, utfordringar og pågåande utviklingsarbeid. Arbeidet skjer i samarbeid med lokale myndigheiter og lokalt næringsliv.

HGUt dekkjer:

  • Enkel overnatting i dobbeltrom
  • Frukost og lunsj under praksisdagane
  • Eventuell nødvendig fellestransport lokalt under praksisdagane

Regenerativt landbruk

Praksisveka 2020/21 blir ei workshop om regenerative dyrkingsteknikkar og market gardening på småbruket Ridgedale Permaculture i Sverige (ikkje så veldig langt frå Kongsvinger).

HGUt dekkjer:

  • Enkel overnatting i dobbeltrom i regionen der garden ligg
  • Lunsj under workshop (andre måltider er i utgangspunktet ikkje inkluderte, men på nokre av overnattingsstadene me nyttar er frukost inkludert i overnattinga)

Studentane må ha tilgang på privatbil under opphaldet (her kan ein gå saman fleire), p.g.a. avstand mellom garden der undervisninga skjer og overnattingsstad.

Sirkulær økonomi

Praksisveka går til ein by eller eit område i Nord-Europa som har utmerka seg innanfor utvikling av sirkulær økonomi.

HGUt dekkjer:

  • Flyreise t/r SVG (eller frå andre flyplassar dersom kostnaden ikkje er større)
  • Transport mellom studieaktivitetane
  • Enkel overnatting i dobbeltrom (måltider er i utgangspunktet ikkje inkludert, men på nokre av overnattingsstadene me nyttar er frukost inkludert i overnattingsprisen)

Landskap og utvikling

Praksisveka er ei øving i det å lesa eit landskap, og finn stad i jærregionen i Rogaland.

HGUt dekkjer:

  • Enkel overnatting i dobbeltrom
  • Frukost og lunsj under praksisdagane
  • Eventuell nødvendig fellestransport lokalt under praksisdagane

Hest i næring

Praksisveka er ei vitjing ved eit sentralt kunnskapsmiljø for hest og hestesport i Nord-Europa.

HGUt dekkjer:

  • Flyreise t/r SVG (eller frå andre flyplassar dersom kostnaden ikkje er større).
  • Transport mellom studieaktivitetane
  • Enkel overnatting i dobbeltrom (måltider er i utgangspunktet ikkje inkludert, men på nokre av overnattingsstadene me nyttar er frukost inkludert i overnattingsprisen)

Nyskaping og utviklingsarbeid 1

Praksisveka går til verdas største innovasjonsmesse knytt til landbruk/mat, Grüne Woche i Berlin.

HGUt dekkjer:

  • Flyreise t/r Sola – Berlin (eller frå andre flyplassar dersom kostnaden ikkje er større)
  • Enkel overnatting i dobbeltrom (måltider er i utgangspunktet ikkje inkludert, men på nokre av overnattingsstadene me nyttar er frukost inkludert i overnattingsprisen)
  • Inngangsbillettar 2 dagar til messa

 Nyskaping og utviklingsarbeid 2 har ikkje praksisveke.

Alle andre utgifter til praksisvekene må studentane dekka sjølve.