HLB sitt bachelorstudium i nyskaping og samfunnsutvikling (180 studiepoeng) er unikt i Norge, og gjev eit relevant og spissa utdanningstilbod for ei lang rekke utviklingsretta yrke og samfunnsoppgåver. Døme er:
Utviklingsoppgåver (samfunnsutvikling) innanfor det offentlege
Gjennom bachelorstudiet i nyskaping og samfunnsutvikling får studentane omfattande og handlingsretta kunnskap om næringsutvikling og verdiskaping, og om korleis stader og lokalsamfunn kan endrast nedanfrå.
Studentane lærer å sjå med nye auge på ressursane dei har rundt seg; dei menneskelege, dei naturbaserte, dei kulturelle, dei sosiale og økonomiske. Dei lærer å ta i bruk ressursane på nye måtar og bli aktive utviklarar og pådrivarar i forhold til eigen livssituasjon og eige miljø.
Studiet gir grunnleggjande og handlingsretta kunnskap om utviklingsarbeid og sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Mobiliseringsarbeid er også sterkt vektlagt.
Studiet stimulerer til skaparglede, kreativitet og entreprenørskap, og legg difor også opp til samarbeid med forvalting, nærings- og organisasjonsliv.
Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling har Kunnskap for utvikling! som hovudvisjon. I tråd med denne visjonen skal studiet synleggjera og gje grunnleggjande kunnskap om det handlingsrom me har som menneske til å påverka framtida i positiv retning.
Bachelorutdanninga består av 180 studiepoeng, og studieløpet for graden vil sjå slik ut:
1. Studieår Samfunn og utviklingsarbeid – 60 studiepoeng
2. Studieår Valfrie emne – til saman 60 studiepoeng. Studentane kan velja mellom følgjande modular (alle på 30 stp): Økonomi og leiing I, Økonomi og leiing II, Hest i næring eller Landskap og utvikling (modular går når det er nok påmelde)
3. Studieår Nyskaping og utviklingsarbeid – 60 studiepoeng
Studiet leier fram til graden Bachelor i nyskaping og samfunnsutvikling. HLB har eit svært sterkt fagmiljø på verdiskaping og samfunnsutvikling, og som student får du undervisning av nokre av dei fremste forskarar i landet innanfor fagfeltet!
Søknadsfrist: Opptak til studiestart ved ledige plassar. Søknad skjer via elektronisk portal på heimesida. Opptak på basis av generell studiekompetanse, realkompetanse og 23/5-regelen. Ingen poenggrense, alle kvalifiserte søkarar får opptak. Studiestart: September/oktober.
Studiet er organisert via samlingar, og sendast pÃ¥ livestream over heile landet. Me legg opp til stor fleksibilitet for at studenten enkelt skal kunne kombinere jobb med studering, viss det er ønskjeleg. Generell informasjon om studering ved HLB finn ein her.Â