Velkomen til temadagen Naturbygging i hagen
Boklansering og storstilt vårfest for natur- og hageinteresserte
Stad og tid: Litlabø samfunnshus, Stord, laurdag 9 mars kl. 11.00 – 16.00
På lanseringsdagen for Dag Jørund Lønning si nye bok, «Jordboka for hagen», skal den rike nærnaturen me alle kan byggja rundt oss utforskast og feirast.
Innleiing: Me treng ei ny og annleis forteljing om hagen. For alt medan miljøkrisene blir fleire og alvorlegare, er det dominerande hageidealet framleis tufta på alt det naturen ikkje er; storforbruk av innkjøpte innsatsmidlar, ferdige dyrkingsoppskrifter, glansbilete og stilisme.
Hagen kan vera noko veldig mykje meir og viktigare enn berre ein kravlaus «kosearena». Den kan vera arenaen der Kvarmannsen verkeleg bidrar, arenaen der menneske inngår i tett, lærande samarbeid med naturen og utviklar dei løysingar ei grøn framtid må byggja på.
Heile det store samfunnshuset på Litlabø vil bli tatt i bruk for å hylla den naturnære hagen denne laurdagen. I storsalen blir det praktisk retta innleiingar av framståande ekspertar på jord, hage, plantar, fuglar og dyr. I gangane blir det høve til å møta ei lang rekke organisasjonar og bedrifter som alle, på eit eller anna vis, arbeider med temaet for dagen.
Program for dagen
Faglege innleiingar:
Professor Dag Jørund Lønning lanserer «Jordboka for hagen» og med den hagen som fornyar seg sjølv.
- Om det største og viktigaste av alle økosystem
- Om å læra av og med naturen
- Om å fanga karbon, auka naturmangfaldet og dyrka det vakre og det etande i ein og same operasjon
- Om aukande vokster og produktivitet med mindre og mindre strev
- Om sjølve nøkkelen; den eine organismen som påverkar alle andre. Legg du til rette for den, kjem resten meir eller mindre av seg sjølv
Hageentusiast og dyrkingsekspert Helen Fredholm: Draumehagen
- Om alt det fantastiske ein kan oppnå når ein gjer naturen til medspelar.
- Innlegget blir ei vakker reise i ord og bilde gjennom ein av landets aller mest fruktbare hagar (inkludert forklaringa på korleis den blei nettopp det).
Fotograf og forfattar Jan Rabben: Korleis får du fuglar og dyr til å trivast i hagen?
- Med relativt enkle grep kan hagen din bli eit paradis for våre ville vener.
- Jan Rabben har lukkast og avslører i dette bilderike innlegget løyndomane sine.
I tillegg kjem forlagsredaktør ved Kagge forlag, Jorunn Sandsmark, for å seia nokre ord om den nye boka og om korleis forlaget vil arbeida for å spreia den gode bodskapen over det ganske land.
Dag Jørund Lønning er utdanna sosialantropolog og prosessfilosof. Han er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for grøn utvikling. Lønning er forfattar av ei rekke populære bøker, m.a. Jordboka, Jordboka II, Kompostboka og Første Losebok. Naturanto. Og no Jordboka for hagen. Etter mange år ute har han no flytta heim til barndomsøya Stord. | Helen Fredholm frå Toten er kjend gjennom både TV, aviser/magasin og sosiale medium for kunnskapane hennar om hagedyrking og for den fantastiske, frodige hagen ho eig og driv på heimstaden. Er den landets aller flottaste? Foto: Ellen Forsström |
Jan Rabben er naturfotograf og forfattar og kjend gjennom mange bokutgivingar, kanskje først og fremst Ville blomar i Sunnhordland (med Kari Lønning Aarø) og den ferske Fuglar og dyr rundt huset i skogen. Han er opphaveleg sunnmøring, men har budd mange år på Stord. |
Det blir mykje aktivitet utanfor foredragssalen og:
- Det blir sjølvsagt høve til å kjøpa den nye boka – samt å få den signert av forfattar
- Mat og drikke blir og å få tak i
Ei rekke relevante organisasjonar og bedrifter deltek på festen. Det blir råd og tips om
- plantar og planting ( + høve til å handla frå eit spennande planteutval)
- hageplanlegging
- kompost og kompost-te
- mikroskopstudiar av det fantastiske livet i molda (mikroskop og prøvar er på plass)
- karbonfangst i hagen (og i andre typar landskap)
- naturvern i kvardag og nærmiljø
- fotografering i hagen (bildeutstilling vert det og!)
- grøn utdanning
Dette blir ein dag å hugsa for alle med interesse for natur og hage. Du kjem vel?
Praktiske opplysningar:
Inngangsbillett kr 150. Billettsal skjer ved inngangsdøra (Vipps).
Om du vil sikra deg billett(ar) på førehand (noko som sikkert er lurt) kan du vippsa samla beløp til 589260 og merka med «Lanseringsfest» + namnet ditt. Vis då kvittering i Vipps i døra.
Ta kontakt med oss på [email protected] for info om prisar for grupper.
Arrangør: Høgskulen for grøn utvikling og Naturvernforbundet på Stord