Lokal utvikling i Lidsbark, Polen

Lokal utvikling i Lidsbark, Polen

Johan Barstad og Rhys Evans frå HGUt besøkte nyleg Lidsbark, ein liten by, nordaust i Polen. Det regionale museet har invitert oss til samarbeid om ein søknad om EØS-midlar til lokalt restaureringsarbeid. I ein slik søknad må prosjektdeltakarane presentere eit gjennomført opplegg for å bruke restaureringsprosessen til å involvere lokale interessentar og sikre sterk lokal forankring. Vår oppgåve skal vere å bistå i dette arbeidet gjennom HGUt sin sterke kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling.

Lidsbark er ein by på omlag 17.000 innbyggjarar. Prega av tru på framtida og med mange teikn på aukande velstand. Byen var tidlegare bispesete og har i dag eit stort og omfattande bispepalass med behov for opprusting. Dette er eigd av museet.

Mellom anna vil ein at den gamle vollgrava skal tilbakeførast til ein slottshage. I dag er den parkeringsplass. Vidare vil ein rekonstruere det gamle slottskjøkenet, og arbeide med utstillingar dei mange roma i kjellarane. Vi ser dette som mulegheiter for å trekkje lokalsamfunnet aktivt med, både i planlegging, i gjennomføring og i framtidig bruk.

Korleis kan restaurerings-arbeidet bidra til å gje innbyggjarane ei meir aktiv tilknyting til dette verdfulle kulturminnet, korleis kan det bidra til å gje nye muligheiter for lokalt, småskala næringsliv, og korleis skal det kunne bidra til å fremme kompetanse og sertifisering innan gamle, nesten utdøydde handverksfag? Og kan det bidra til å gjere Lidsbark til eit betre og meir inkluderande lokalsamfunn.

Mange – og store spørsmål. Berre framtida gjev svara. Men vi på HGUt bistår gjerne med å få framtida med på laget!