Close

Nesten dobla studenttal og rik prosjekttilgang

Nesten dobla studenttal og rik prosjekttilgang

Stor vekst for liten høgskule

Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) på Bryne startar opp nytt studieår med veksande studentmasse og rik prosjektinngang.

Ved årsskiftet blei det som før var samvirkeselskapet Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) omgjort til den sjølveigande stiftinga Høgskulen for grøn utvikling (HGUt). Dette for å oppfylla nye offentlege krav til eigarformer i høgare utdanning, men også for å sikra fri kunnskapsproduksjon og formidling.

Denne endringa, saman med ei stor satsing på regenerativt (naturfornyande) landbruk og sirkulær økonomi, har på kort tid snudd nedgang og pessimisme til vekst og optimisme for den vesle høgskulen.

Ved oppstart av haustsemesteret 2018-2019 (siste heile år som gammal organisasjon), var det samla talet studentar på dei ulike kursa høgskulen tilbyr 38. Ved semesteroppstart 2020 er det same talet 75. Altså nesten ei dobling på to år.

Den same auken ser ein også når det gjeld inntekter frå forskings- og utviklingsprosjekt. Ei rekke nye nasjonale og internasjonale prosjekt om regenerativt jordbruk, nyskaping og regenerativ lokalsamfunnsutvikling er no på plass, og ved inngangen til september leverte den nye stiftinga eit økonomisk resultat på over 700 000 i pluss. Oppdaterte prognosar for resten av året indikerer at årsresultatet har potensiale til å bli endå betre. I så fall vil høgskulen levera sitt beste økonomiske resultat nokosinne.

Rektor ved HGUt, professor Dag Jørund Lønning, er særs nøgd, og meiner at resultata viser at små aktørar så absolutt bør ha ei framtid innanfor høgare utdanning:

Professor Dag Jørund Lønning

-Me lever i ei tid der leiande politiske krefter innbiller seg at verda blir betre om det meste blir slått saman og blir større. Men dette er ein gammaldags tenkemåte. HGUt viser utviklingskrafta som ligg i det vesle, oversiktlege og lett handterlege. Når verda endrar seg så raskt som den gjer i dag, er småskala den mest effektive og nyskapande organisasjonsforma. Sett litt på spissen: For vår del kan me endra på to dagar. Dei mastodontane som blir bygd innanfor både denne og andre sektorar no, treng minst to år..

Både fagleg fokusskifte og organisasjonsendring har medverka til ny vekst, held Lønning fram:

-Me såg den store interessa som først Jordboka, og deretter dei to andre bøkene som har kome om same tema, skapte, og bestemte oss for å leggja om heile organisasjonen i den regenerative retninga. HGUt har såleis ein langt tydelegare grøn profil enn det den gamle samvirkeorganisasjonen hadde. At me ikkje lenger er knytt til bestemte sektorar og politiske/tematiske prioriteringar på eigarsida, gjev oss også større fagleg fridom. Som gamle HLB opplevde me at representantar for eigarar prøvde å gripa direkte inn og påverka/stoppa vårt faglege arbeid (utan å lukkast, heldigvis!). Slik destruktiv, inngripande verksemd er ikkje organisatorisk mogleg lenger.

HGUt har tydelege ambisjonar framover, avsluttar Lønning:

-Høgskulen ønskjer å vera ein spydspiss i kampen for ei framleis grøn framtid. Og det både gjennom forsking og formidling. Klima- og naturmangfaldsutfordringane er enorme, men ikkje uløyselege. For oss er det viktig å kunna utvikla konkrete løysingar og tiltak som enkeltmenneske og lokalsamfunn kan setja i verk. Det er veldig kjekt å oppleva at stadig fleire vil vera med oss på dette.