I perioden frå 2016 – 2018 var høgskulen inne som rettleiar for Rogaland fylkeskommune, Stavanger, Randaberg og Tysvær kommunar i det nasjonale prosjektet for gode nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse. Prosjektet var initiert av og leia av Helsedirektoratet, og hadde kommunar/fylke frå heile landet som deltakarar.

Prosjektets hovudmål var å få til gode medverknadsprosessar for betre å kome i dialog med bebuarar, frivillige organisasjonar, næringslivsaktørar, bydelspolitikarar etc. Målet var at denne kunnskapen også skulle nyttast inn i kommunale og regionale planprosessar. I det høve har fylket og deltakande kommunar i Rogaland aktivt jobba med å involvere innbyggjarar gjennom ulike medverknadsmetodar for å innhente meir kvalitativ kunnskap om korleis folk opplever sitt nærmiljø.

Nærmiljøprosjektet vart offisielt avslutta med ei stor nasjonal konferanse i Stavanger i november 2018.

Høgskulen var aktivt inne som rettleiar for Rogalandskommunene. Dette vart gjort ved å gå ut og møte kommunane, delta på aktivitetar som observatør eller som innleiar og ikkje minst gjennom å vere samtalepartnar med kommunane og Fylkeskommunen.

Vi bidrog med innlegg på faglege samlingar, både nasjonalt, regionalt på Vestlandet og innad i fylket.

Høgskulen utarbeidde ein større sluttrapport og diverse delrapportar.

I etterkant av prosjektet har vi følgt opp arbeidet med eit kompetanseutviklingsprosjekt i Tysvær, og vi har arbeidd vidare bl.a. i internasjonale fora med tema som for eksempel Folkeforsking (Citizen Science).

Nedanfor finn de lenker til nokre av rapportane vi utarbeidde samt til presentasjonar vi hadde i prosjektperioden:

V2 Folkehelse og nærmiljø Haugesund

Presentasjon_5_desember_17

Presentasjon Tysvær 07oktober2019

Presentasjon til 4. desember

Mobilisering folkehelsesamling Gardermoen 310316

Folkehelse-nærmiljø

Sluttrapport og følgeevaluering

Delrapport 2 HLB, 1.nov2017

Oversiktsartikkel: Medverknad i lokalt folkehelsearbeid