Close

Lanseringsfest for “Første Losebok. Naturanto”

Lanseringsfest for “Første Losebok. Naturanto”

Velkomne til lanseringsfesten “Grøn laurdag i mørk november”

I samband med lanseringa av prof. Dag Jørund Lønning si nye Første Losebok. Naturanto, inviterer Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) til arrangementet «Grøn laurdag i mørk november».

Tid og stad: Bryne Mølle laurdag 27 november kl. 10.30 – 16.00

Billett kr 250,- kan kjøpast her.

Boka utforskar korleis eit naturnært menneskesamfunn kan sjå ut, og dette blir også hovudtemaet for arrangementet:

  • Kan me endå finna vegen til den grøne framtida?
  • Kan mennesket nokosinne bli ein skapande og nyttig art i naturen?
  • Og, ikkje minst, kva kan kvar og ein av oss bidra med?

Frå baksideteksten til Første Losebok. Naturanto:

Gjennom Losebøkene blir vårt erobrande og haustande forhold til liv og landskap snudd på hovudet, og eit nytt vesen trer fram: Homo satorem. Det såande mennesket.

Program:

10.30: Dørene blir opna. Registrering. Standane er opne.

11.00: Velkomne. v/Johan Barstad

11.15: Bokbad: Vegen til eit EKTE grønt skifte. Korleis ser eigentleg det naturnære lokalsamfunnet ut? Samtale mellom redaktør Bothild Åslaugsdotter Nordsletten og professor/forfattar Dag Jørund Lønning.

12.15 – 12.30: Pause med sal av signerte bøker.

12.30 – 13.30: Biolog Alette Sandvik: Mennesket i naturen og naturen i mennesket.

13.30 – 14.00: Pause. Boksal. Standane er opne.

14.00 – 14.45: Dr. Rhys Evans og Dr. Matthew Hoffman: Møte med grøne pionerar innanfor matproduksjon og lokalsamfunnsutvikling.

14.45 – 15.30: Helene Tråsavik, Ingve Berntsen og Marte Dale: Tre tidlegare BA-studentar i Nyskaping og regenerativ utvikling ved HGUt fortel om grøn fornying av moteindustrien, jordbruket og skuleverket

15.30 – 16.00: Spørsmål, kommentarar, helsingar. Standane er opne. Siste sjanse til å kjøpa signerte bøker.

Stands frå ymsande grøne lag og organisasjoner

Sal av signerte bøker.

Innleiarar/bidragsytarar:

Dag Jørund Lønning. Rektor og professor ved Høgskulen for grøn utvikling (HGUt). Første Losebok. Naturanto er hans femtande bok, men den første skjønnlitterære. Han er særleg kjend for Jordboka, Jordboka II og Kompostboka. Lønning blei Årets landbruksbloggar i 2014, Årets bygdeprofil i 2015 og Årets meitemark i 2019. Han har også vore evalueringsekspert ved EU-kommisjonen i ei årrekke.

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten. Redaktør i fagbladet Bondevennen. Utdanna statsvitar med russisk og tidlegare Sovjetunionen som spesial. Har bakgrunn frå norsk utanriksteneste, og har vore humlerøktar. Leier jordvernforeninga «Vern Re og Svertingstad» og sit i styret for den nye jordlitteraturfestivalen «Jorddøgn», båe på Jæren.

Alette Sandvik. Utdanna biolog frå NTNU og lærar frå Nord Universitet. Naturelskar og «naturinfluenser». Sandvik har jobba med naturvern i over 20 år gjennom ulike styreverv og stillingar i landets eldste naturvernorganisasjon, Naturvernforbundet. Har over 60-70 døgn i telt kvart år og er ein aktiv formidlar frå mange sterke møte i naturen. «Skal vi kunna overleve som art, er vi tvungne til å finne nye grunnforteljingar, nye forståingar av verda og korleis vi skal leva i den».

Rhys Evans. Førsteamanuensis ved HGUt dei siste 11 åra. Evans er utdanna geograf og har lang fartstid innanfor bygdeutviklingsforsking. Han er særleg oppteken av nye måtar å bruka landskapet rundt oss på, og av tiltak og forvaltingsmodellar som kan tilføra meir makt til lokalsamfunnet. Evans er også president i The European Federation of Animal Science (EAAP) sin hestekommisjon.

Matthew Hoffman. Førsteamanuensis ved HGUt frå 2021. Hoffman har ein doktorgrad i bygdesosiologi frå Cornell University, og forskarerfaring frå fleire universitet og forskingsinstitusjonar i USA og Europa. Han er særleg oppteken av rurale landskap og levemåtar, med vekt på miljøspørsmål og samfunnsutvikling.

Marte Dale. Tidlegare BA-student ved HGUt. Kurshaldar, inspirator og heilskapstenkjar. Sterkt involvert i DNT. «Naturkontakt og positive naturopplevingar i barndommen stimulerer til grøne tankesett og omsut for natur og miljø som vaksen».

Ingve Berntsen. Tidlegare BA-student ved HGUt og deltakar i høgskulen sitt forskings- og utviklingsprogram om regenerativt landbruk i Rogaland. Berntsen er drivar av den mykje omtala Fjordfegarden i Hå kommune. Her syner han at historiske ferasar også høyrer notida til. Med nye driftsmetodar og framifrå dyrevelferd er han med og peikar ut leia for framtidsjordbruket.

Helene Tråsavik. Har forlate eit hektisk byliv i New York som fotomodell til fordel for kombinert familie-/studentliv på bygda Hellvik. Med bachelorgrad i regenerativ samfunnsutvikling (HGUt) og med bakgrunn i hennar engasjement for klima og naturnære prosesser, satsar ho no på masterstudiet Energi, Miljø og Samfunn ved UiS.

Programleiar er seniorforskar ved HGUt, Johan Barstad. Barstad har arbeidd med problemstillingar kring lokal, kommunal og regional utvikling, offentleg økonomi og planlegging sidan 1989. Dei siste åra har han vore ansvarleg for HGUt si satsing på sirkulær økonomi. Han leiar også ei rekke samarbeidsprosjekt mellom HGUt og utviklingsaktørar i Aust-Europa.

Related Posts

Legg att eit svar