I første omgang går ein inn i eit forprosjekt med fokus på kulturarv, lokalsamfunn og verdiskaping. Eit større verdiskapingsseminar skal arrangerast i Litauen i løpet av hausten, med fleire faglege bidrag frå HLB. Forprosjektfasen skal og nyttast til utvikling av eit større og meir langsiktig samarbeid.
Arbeidet er finansiert med norske EØS-midlar gjennom Riksantikvaren og det litauiske kulturdepartementet. Rektor Dag Jørund Lønning og førsteamanuensis Eli Janette Fosso medverkar frå HLB, medan prosjektleiar ved LACM er administrerande direktør Daiva Kelpsaite (bildet).
Paraplyorganisasjonen LACM har 45 slott/borger/herregardar som assosierte medlemmer (to avbilda her).