Utgangspunktet for prosjektet Kva er Jæren? Verdien av det landbruksproduserte jærlandskapet for andre brukargrupper er eit av dei mest populære, men og mest omstridde og til dels konfliktfylte landskapsområde i landet. Innanfor eit svært avgrensa geografisk areal er landskapet Jæren både
(a) det viktigaste matproduserande arealet i Noreg,
(b) eit av dei mest ettertrakta utbyggingsareala for busetnad og næring i landet,
(c) eit mykje nytta fritidslandskap for mange tusen menneske, og
(d) eit landskap med ei lang rekkje verna og/eller verneverdige kultur og naturverdiar.
I desse spenningane ligg det potensielle arealkonfliktar samt store og krevjande planleggings- og styringsutfordringar. Minkande jordbruksareal indikerer at landbruket ofte kjem ut som tapande part i slike konfliktar.
Gjennom forskingprosjektet ønskjer Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) å få fram kor vidt det eksisterer felles verdiar på tvers av dei delvis potensielle / delvis pågåande arealkonfliktane: Er det jordbruksskapte, opne og veldrivne jærlandskapet viktig også for dei tre andre brukargruppene i lista vår over? Kan auka medvit om slike felles verdiar verta eit verktøy for ei framtidig arealplanlegging som byggjer på dialog meir enn på konflikthandtering?
Sentrale problemstillingar for forskingsarbeidet er:
- Kva assosierer menneske i dag – innanfor og utanfor regionen – med Jæren?
- Korleis vert Jærlandskapet brukt og kven er brukarane?
- Kva er dei viktigaste fellesgoda frå det landbruksskapte jærlandskapet, og korleis vert desse forstått/nytta?
Prosjektet vil kunna få stor betyding både for landbruket og for framtidig arealplanlegging i regionen:
- Ved å identifisera og tydeleggjera fellesverdiar knytt til landbrukslandskapet vil ein kunna koma opp med fleire og breiare grunngjevingar for ein aktiv jordvernpolitikk for Jæren.
- Resultata frå prosjektet vil kunna danna utgangspunkt for reviderte arealplanleggingsmodellar som tek effektiv omsyn til alle brukargrupper i jærlandskapet.
Første prosjektfase har ei økonomisk ramme på om lag kr 500 000 og er delfinansiert av Stiftelsen for fremme av jordbruk i Nærbø og omegn. Forskarane dr. Dag Jørund Lønning (prosjektleiar), dr. Rhys Evans og Johan Barstad medverkar frå HLB. Vidare skal bachelorstudentane Kristin Skrettingland-Haarr og Ingebjørg Wold skriva sine bacheloroppgåver i bygdeutvikling innanfor ramma av forskingsprosjektet.
HLB vil elles nytta resultata som grunnlag i arbeidet med eit eige høgskulestudium i jordvern- og arealproblematikk.