I partnarskapet finn ein alt frå store universitet til arbeidstakar- og kulturorganisasjonar. Northumberland College i Storbritannia er Lead Partner.
Målsetjinga med prosjektet er å utvikla effektive modellar for ”deltakande læring”; modellar der den lærande si eiga røyst er bygd inn i sjølve læringssituasjonen. Det skal hentast inn erfaringar frå heile Europa i utviklingsarbeidet. Resultat frå prosjektet skal presenterast i felles elektroniske publikasjonar og læringsverktøy. Prosjektet tek til hausten 2010 og held fram til ut i 2012.
HLB si deltaking i Volare-samarbeidet representerer både ei kjelde til fagleg utvikling og eit veldig flott høve for tilsette og studentar ved HLB til å bli betre kjende med ei rekkje spennande læringsmiljø rundt i Europa. Volare skal trekkjast aktivt inn i studietilbodet ved HLB.