Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) er norsk partner i eit stort utviklingsprosjekt for å restaurera Marghiloman Manor, ein herregard rundt 100 kilometer søraust for Bucuresti.
Høgskulen skal samarbeida med med National Institute for Heritage (RO), Sonoro Assocation (RO) og The Paper Mill Association (RO) i ei satsing som blir støtta med meir enn 2 millionar euro gjennom EØS-midlane.
HGUt sitt team (Rhys Evans og Johan Barstad) skal saman med dei rumenske organisasjonane sikra at lokalsamfunna i området vert involverte i restaureringsarbeidet. Lokalbefolkning skal både få høve til å koma med innspel til restaureringa og få høve til å bruke den resta


urerte kulturminneressursen til eigne føremål.
Dette er eit tre og et halvt års prosjekt. Frå HGUt si side vil me bruka prosjektet til å vidareutvikle vår ‘mobiliserings-, deltakings- og empowerment-modell’ for innovativ samfunnsutvikling.