Høgskulen for grøn utvikling, ved professor Dag Jørund Lønning, skal dei tre komande åra leia arbeidet med å utvikla ei større pilotsatsing på naturbyggjande (regenerativt) landbruk i Rogaland. Prosjektet skal utforska korleis landbruket framover kan bli eit viktig verktøy i kampen mot øydeleggjande klimaendringar og akselererande naturmangfaldstap. 13 gardar over heile fylket (kan bli fleire) Continue Reading
Kompostfest 2020 Bryne Mølle 14 mars I samband med utgjevinga av prof. Dag Jørund Lønning si nye «Kompostboka. Om å byggja natur» inviterer Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) til ei storstilt feiring av gjenbruket og den sirkulære økonomien. Kompost og kompostering – omdanning av organisk avfall til det viktigaste av alt, levande mold – er Continue Reading
Arealkrevjande utbyggingar som miljø- og samfunnspilotar?
Akselererande klimaendringar og katastrofale naturmangfalds- og matjordstap tvingar oss alle til å tenkja nytt. Dette gjeld også i planlegging og gjennomføring av arealkrevjande utbyggingar. Negative miljøpåverknader (t.d. klimautslepp) må kuttast, og samtidig må ny kunnskap om m.a. karbonfangst, bygging av matjord og tilrettelegging for biologisk mangfald byggjast inn i prosjektdesign. Denne arbeidsrapporten presenterer ein modell Continue Reading
Radikale politiske grep må til for å stoppa attgroing og landbrukspessimisme i verdsarvområda i vestlandsfjordane Av Dag Jørund Lønning, professor og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling Kva skjer når landbruket forsvinn? Landbruk er den menneskelege aktivitet med størst estetisk innverknad på det kringliggjande naturlandskapet. Det gjeld både når landbruket er aktivt Continue Reading
– Den beste måten å styrka jordvernet på, er å verta langt tydelegare på samfunnsnytte over tid, sa professor Dag Jørund Lønning då han la fram resultata frå dialogarbeidet i Prosjekt Makebytte. Forslaga frå det HLB-leia dialogutvalet vil gjera det betydeleg vanskelegare å byggja ned god matjord. Samtidig skal ein og sikra landbruksinteressene i dei Continue Reading
Skal nedbygging av matjord i det heile vera mogleg? Kva krav skal stillast til utbyggar? I det HLB-leia Prosjekt Makebytte møtest ulike arealinteressentar i jærregionen til verdiskapande dialog om forholdet mellom jordvern og andre samfunnsinteresser. Bakgrunn Det blir framleis bygd ned mykje matjord i Noreg. Matjorda er spesielt utsett i område med høge arealverdiar og Continue Reading
På forrige opne dialogkveld (i august 2014) var det smekkande fullt i festsalen på Klepp. Også denne gongen tek me opp eit tema som vedkjem ALLE, og me vil gjerne ha DEG med i dialogen om landskapsbruk, berekraftig arealutvikling og gode lokalsamfunn. Bli med i utforminga av dei gode arealløysingane for jærregionen, og sett av Continue Reading
Tid: Onsdag 15 april kl. 9 – 15. Stad: Genoloftet, Rogaland landbrukspark på Særheim i Klepp Vil du vera med og skapa eit jærlandskap med utviklingsrom både for landbruk, boligbygging, næringsutvikling, frilufts- og verneinteresser? Er du opptatt av levande og attraktive lokalsamfunn i regionen vår? Vil du læra effektive metodar for lokal mobilisering/involvering (å få Continue Reading
Sandnes er landets raskast veksande by, men også ein av landets største landbrukskommunar. Det første veit dei fleste, det siste dei færraste. Det er og lite eller ingenting i Sandnes si fysiske byutforming som vitnar om at dette er sentrum i ein stor landbrukskommune. Her går Sandnes glipp av ein mulegheit til å skapa noko Continue Reading
HLB har vunne ein offentleg anbodsrunde om evalueringa av Jæren vannområde (tidlegare Aksjon Jærvassdrag). Prosjektleiar er forskar ved HLB, Johan Barstad. Oppdragsgjevar er Rogaland Fylkeskommune. Arbeidet skal føregå komande halvår, og det HLB-leia evalueringsteamet består av forskarar frå HLB, Bioforsk Vest og University of Western England. Dette er primært ei organisasjonsevaluering, og fokus vil vere Continue Reading
HLB og Sandnes kommune innleiar no eit breispektra samarbeid med utgangspunkt i høgskulen sine pågåande forskingssatsingar rundt jordvern, bynært landbruk og entreprenørskap i landbruksnæringa. Samarbeidet inneber at Sandnes blir eit sentralt eksempelområde for forskingsarbeidet ved HLB, og at kommunen difor vil bli nytta aktivt både i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt. For Sandnes kommune vil forskingsresultat Continue Reading
Forskar/høgskulelektor Johan Barstad ved HLB er med i eit nytt og spennande europeisk forskarnettverk. Det nye nettverket Urban Agriculture (COST Action TD1106) samlast i Aachen, Tyskland 9.-11. juli. Der møter Barstad som ein av to norske representantar. ”På denne samlinga vil 55 fagfolk frå 13 europeiske land møtast. Dette er første møtet og vi vil Continue Reading
HLB gjennomfører eit omfattande forskingsarbeid rundt kollektive oppfatningar og bruk av det opne og landbruksproduserte jærlandskapet. Målsetjinga er å koma opp med arealplanleggingsmodellar som tek effektiv omsyn til alle brukargrupper, men som samtidig byggjer på eit aktivt jordvern. Utgangspunktet for prosjektet Kva er Jæren? Verdien av det landbruksproduserte jærlandskapet for andre brukargrupper er eit av dei Continue Reading
Våren 2010 lyste Innovasjon Noreg ut 13 millionar kroner (3 millionar øyremerka Nord-Noreg) til norske høgskular og universitet for å utvikla pilotsatsingar rundt integrering av entreprenørskap i høgare utdanning. 24.08 kunne Kommunal og regionaldepartementet og Innovasjon Noreg opplysa at det HLB-leia pilotprosjektet ”Med gründerblikk på bygderessursar” har vunne fram i denne nasjonale tevlinga. Innovasjon Noreg har Continue Reading
Ei rekkje meir eller mindre parallelle utviklingstrekk – teknologiske endringar, nedgang innanfor tradisjonelle produksjonar, framveksten av samdrifter og nye krav til bygningsmasse – har gjort at det i dag finst mange tomme og unytta bygningar i norske gardstun. Desse tomme bygningane kan utgjera ei potensiell kjelde til ny natur- og kulturbasert verdiskaping i distrikta. I Nordland Continue Reading